Pannekakesetning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ei pannekakesetning er eit fenomen som oppstår i skandinaviske språk og refererer til særskilde høve av samsvarsbøying som ikkje følgjer konvensjonelle lingvistiske mønster. Uttrykket «pannekakesetning» vart først introdusert av den norske språkforskaren Hans-Olav Enger i den vitskapelege artikkelen Scandinavian pancake sentences as semantic agreement. I artikkelen skildrar Enger pannekakesetningar som særskilde setningar med eit predikatadjektiv som ikkje samsvarar med subjektet sitt [1]. Pannekakesetningar oppstår ofte når subjektet i setninga ikkje er i bunden form, som i døma nedanføre.

Døme frå skandinaviske språk[endre | endre wikiteksten]

Fleirtalssubjekt[endre | endre wikiteksten]

  • Pannkakor är gott (svensk)
  • Pannekaker er godt (bokmål/nynorsk)

Om setningane skulle følgt vanlege samsvarsbøyingsmønster ville adjektivet godt verte samsvarsbøygt til gode, altså «pannekaker er gode» ettersom subjektet pannekaker er i fleirtal. Men i staden står adjektivet i inkjekjønnsforma godt, sjølv om pannekaker er står i eintal og er hokjønn. Normale samsvarsbøyingsmønster ville vore at adjektivet og substantivet samsvarar i både kjønn og tal.

Eintalssubjekt[endre | endre wikiteksten]

  • Programmering er kult (bokmål/nynorsk)

Ordet programmering er hokjønn og er i eintal, men vert samsvarsbøygt med inkjekjønnsform av adjektivet; kult. Dei konvensjonelle lingvistiske mønstera for samsvarsbøyning ville gjort at det eigentleg skulle vore «programmering er kul» men dette vert ugrammatisk på norsk.

Om subjektet er i bunden form vert normale samsvarsbøyingsreglar følgde; «programmeringa er kul» (bokmål/nynorsk).

Partisipp i nynorsk[endre | endre wikiteksten]

Fenomenet gjeld òg for perfektum partisipp:

  • Parkering er forbode

Skulle vanlige samsvarsbøyningsmønster verte følgt ville det vore «parkering er forboden» ettersom parkering er eit hokjønnsord medan forboden er hokjønnsforma av adjektivet. forbode er inkjekjønnsform og skal ikkje samsvare med eit hokjønnssubstantiv.

Om subjektet er i bunden form vert normale samsvarsbøyingsreglar følgde; «parkeringa er forboden».

Referanse[endre | endre wikiteksten]

  1. Enger, Hans-Olav (juni 2004). «Scandinavian pancake sentences as semantic agreement». Nordic Journal of Linguistics. 1 (engelsk). 27: 5–34. ISSN 0332-5865. doi:10.1017/S0332586504001131. Henta 1. januar 2019.