Den pannoniske sletta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Pannoniske sletta)
Den pannoniske sletta i Europa.
Eit landskap frå Den ungarske sletta, ein del av Den pannoniske sletta. Her ein gård i Hortobágy i Ungarn
Eit landskap frå Den pannoniske sletta - Donau-Tisa-Donau-kanalen nær landsbyen Rumenka, nær Novi Sad i Serbia

Den pannoniske sletta er ei stor slette i Sentral-Europa, og som er restane etter det uttørka pannoniske havet frå pliocen-perioden.

Elva Donau deler sletta om lag i to.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Sletta ligg grovt sett mellom Karpatane, Alpane, Dei dinariske Alpane og Balkanfjella. Sidan ho har ei lang grense mot Karapatane vert sletta stundom òg kalla Det karpatiske bekkenet (særleg i ungarske tekstar). Ho består hovudsakleg av Den store ungarske sletta (i sør og aust) og Den vetle ungarsle sletta (i nordvest).

På grunn av den topografiske utforminga av landskapet rundt sletta (med høge fjell i nord og vest), har det vorte utvikla ein forholdsvis sameint kultur som ser meir mot sør og aust enn nord og vest.

Sjølv om det ikkje kjem mykje nedbør i området, kjem det likevel nok til at sletta er eit godt jordbruksområde, og det vert stundom sagt at denne rike, leira løssjorda kunne ha gjeve mat til heile Europa. Dei første innbyggjarane på sletta fann få metall- og steinkjelder, så når arkeologar finn lekamar av obsidian eller flint, kopar eller gull, så får dei alltid ein sjans til å tolke antikke handelsruter.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sletta er kalla opp etter pannonarane, ei nordleg illyrisk stamme. Forskjellige folkeslag har budd på sletta gjennom tidene. I det 1. hundreåret fvt. høyrte dei austlege delane av sletta til Dakia, og i det 1. hundreåret høyrte til dei vestlege delane Romarriket. Den romerske provinsen Pannonia vart oppretta i området, og byen Sirmium vart ein av dei fire hovudstadane i Romarriket på 200-talet.

I folkevandringstida og tidleg i mellomalderen høyrte området til fleire rike, som Hunarriket, gepidane, austgotarar, langobardane, avararane, den slaviske staten Samo, Det bulgarske riket, frankarar, Store Moravia, fyrstedømet Balaton, og Det pannoniske Kroatia.

Kongedømet Ungarn vart oppretta i år 1000 av ungararane, og det inkluderte det meste av sletta. Etter Slaget ved Mohács i 1526 vart dei sentrale og austlege delane av sletta ein del av Det ottomanske riket, og restane av Kongedømet Ungarn i nordvest vart eindel av Habsburgmonariket, der dei vart kalla Det kongelege Ungarn. Dei austlege områda av sletta høyrde til Fyrstedømet Transylvania, som var under ottomansk styre.

Den pannoniske sletta var åstad for fleire slag mellom dei to rika. På slutten av 1600-talet vann habsburgarane mot ottomanarane, og det meste av sletta kom inn under Habsburg.

Habsburgmonarkiet vart etter kvart omvandla til Keisardømet Austerrike i 1804, og så Austerrike-Ungarn i 1867. Det meste av sletta låg i den ungarske delen av Austerrike-Ungarn. Det autonome kongedømet Kroatia-Slavonia, utgjorde dei sørvestlege områda av sletta.

Etter 1918 vart området delt mellom Ungarn, Romania, Tsjekkoslovakia, Austerrike og Jugoslavia.

Land[endre | endre wikiteksten]

I dag er sletta delt mellom Austerrike, Kroatia, Tsjekkia, Ungarn, Romania, Slovakia, Serbia og Ukraina. Områda rundt sletta, før dei omliggande fjellområda, strekkjer seg òg inn i Slovenia og Bosnia-Herzegovina.

Inndelingar[endre | endre wikiteksten]

Den pannoniske sletta er delt inn i to delar langs Dei transdonauske fjella. Den nordvestlege delen vert kalla Den vestlege pannoniske sletta (eller provins) og Den austlege pannoniske sletta i søraust. Dei består igjen av følgjande inndeling:

Merk: Det transylvanske platået og Lučenec-Košice-senkinga (begge delar av Karpatane) og enkelte andre lågland, vert stundom rekna som ein del av Den pannoniske sletta.

Regionar[endre | endre wikiteksten]

Den pannoniske sjøen[endre | endre wikiteksten]

Opphavet til sletta var ein grunn innsjø som var på sitt største under pliocen-perioden, då tre til fire kilometer med sediment vart avsett.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]