Panser

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.
Müllemmer.pngFøreslått sletta: Denne artikkelen er føreslått sletta. Du kan diskutera dette på diskusjonssida.


Pansarhuve med kalott

Panser er kraftig og sterkt vern mot slag, samanstøyt og anna valdsam påverknad utanifrå. Det finns mange døme i naturen - som Skjelpadder og Løpebiller (Carabidae). Folk har òg laga seg ulike typer av panser, til dømes riddarrustningar, hjelm, skjold, skótsikker vest og annan kroppspanser (harnesk).

Køyretøypanser[endre | endre wikiteksten]

I militær samanheng er panser mykje brukt for å verne personell og viktig utstyr. Dette ser vi i Pansra kampvogner og stridsvogner.

Typar pansring[endre | endre wikiteksten]

Den vanlegaste typen panser er passivt panser, som består av fleire lag med herda stål, legeringer og keramiske material. Den mest kjende typen passivt panser er det britiske Chobham-panseret, som består av keramiske blokker sett inn i ein plastkompositt mellom lag av konvensjonelt panser.[1]


Ein sovjetisk T-34-stridsvogn frå andre verdskrig, eit tidleg eksempel på skrånande panser
T-72 med reaktivt panser (klossane på utsida av skroget og tårnet)

Dei fleste stridsvognene har etter andre verdskrig blitt laga med skrå overflater på pansringa, vanlegvis i front. Dette har to føremål; det eine er at prosjektil kan verte reflektert bort frå overflata, og det andre er at den effektive tjukkleiken på panseret i horisontalplanet vert mykje større. Sjå bileta under for to døme på stridsvogner frå same periode med ulik geometri på panseret:

Motsatsen til passivt panser er reaktivt panser. Det består av ein sprengladning som eksploderer ut mot innkomande prosjektil. Dette er for å stogga Hólladningar, og har mindre effekt mot kinetisk ammunisjon. Reaktivt panser hengast på utsida av stridsvogna i små utskiftbare pakkar, og er ei vanleg oppgradering av eldre stridsvogner.

Utarma Uran[endre | endre wikiteksten]

Uran er eit av dei tyngste kjente grunnstoffa, og fordi utarma uran i utganspunktet er eit restprodukt av opprikingsprossesen av uran, er det ingen store utgiftar ved å produsere det. Det er desse eigenskapa som har gjort at utarmert uran har vore brukt til panservernammunisjon. Den viktigaste eigenskapen til utarma uran ved bruk i ammunisjon er eigenvekta på heile 19.160 kg/m3. Bly har 11.340 kg/m3. Eit prosjektil av uran har dermed større kinetisk energi, rørsleenergi, enn tilsvarande prosjektil av bly. Dette gir økt gjennomtrengings– og øydeleggingskraft. Med slike eigenskapar vil prosjektil av utarma uran kunne trenge igjennom veldig tjukke panserplater. Den kinetiske energien gjer at prosjektilet etter treffet forstøvast inne i ei eventuell stridsvogn, og på grunn av den ekstreme varmeutviklinga vil støvet tendast og spontant brenne opp. For å motverke panserskot med utarma uran, må ein bruke same stoffet i pansringa på stridsvogner og kansra kampvogner.[2]


Referensar[endre | endre wikiteksten]

  1. https://snl.no/panser
  2. https://books.google.no/books?id=atAwBQAAQBAJ&pg=PT388&lpg=PT388&dq=panserplate+stridsvogn&source=bl&ots=MYi9PX26QP&sig=BCqX2X3oxK_P4K-9_dsol2sSTOA&hl=no&sa=X&ved=2ahUKEwj1lYihk6LeAhUMmYsKHRKrCOkQ6AEwB3oECAIQAQ#v=onepage&q=panserplate%20stridsvogn&f=false


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Side 98-99 Lärobok i Militärteknik, vol. 4: Verkan och skydd Författare: Kurt Andersson, Stefan Axberg, Per Eliasson, Staffan Harling, Lars Holmberg, Ewa Lidén, Michael Reberg, Stefan Silfverskiöld, Ulf Sundberg, Lars Tornérhielm, Bengt Vretblad, Lars Westerling Första upplagan, första tryckningen, februari 2009 ISSN 1654-4838 ISBN 978-91-89683-08-2