Panservernmissil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eit BGM-71 TOW vert frå avfyrt ein HMMWV

Panservernsmissil, òg omtalt som ATGM (engelsk Anti-Tank Guided Missile), er eit missil laga spesielt for å kjempa mot tungt pansra køyretøy som stridsvogner og stormpanservogner. Dei varierer i storleik frå bærbare skulderavfyrte våpen, til system som berre kan avfyrast frå køyretøy eller fly.[1][2]

Ein klassifiserer som regel panservernsmissil som anten MCLOS (Manual Command Line Of Sight) eller SACLOS (Semi-Automatic Command Line Of Sight). MCLOS føreset at skyttaren kan sjå missilet gjennom heile flukta og styre det til målet ved hjelp av ei stikk, medan SACLOS gjer at det er nok at siktemidla peikar på målet fram til missilet treffer.[3][4]

Meir avanserte system brukar lasermarkering eller TV-kamera i sjølve missilet for å utpeika mål, og nokre er òg såkalla «avfyr og gløym» - (fire-and-forget).

Dei fleste panservernsmissil har stridshovud med holladning.

Nokre døme på panservernsmissil er den USA-produserte BGM-71 TOW, britiske Swingfire, den svenske Bofors Bantam, det fransk-tyske Euromissile MILAN og russiske AT-3 Sagger.

Panservernsvåpen som RFK eller M72 er ikkje panservernsmissil, sidan dei ikkje har noko styringssystem.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «T-90 tank». Arkivert frå originalen den 2008-01-29. https://web.archive.org/web/20080129043924/http://russianarmor.info/Tanks/TRIALS/19991020.html. Henta 2008-01-29.  is tested against ATGMs.
  2. British tank sustains damage overseas. BBC News.
  3. Военный энциклопедический словарь. / Под ред. С. Ф. Ахромеева, ИВИМО СССР. — 2-е изд. — М.: Воениздат, 1986. — С.598 — 863 с.
  4. Кругосвет|http://www.krugosvet.ru/enc/nauka_i_tehnika/voennaya_tehnika/ARTILLERIYA.html%7CАртиллерия
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.