Panservernvåpen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bofors 37 mm panservernskanon

Panservernsvåpen er våpen som vert brukt for å kjempa mot pansra køyretøy. Dette var først kanonar og kraftige rifler, og under andre verdskrig vart det teke i bruk rekylfrie kanonar og panservernsmissil. Det første våpenet som vart utvikla spesifikt til bruk mot stridsvogner var den tyske Mauseren 13mm Tankgewehr som vart produsert frå mai 1918.[1]

Tradisjonelt vert kjempa mot panser med artilleri som har høg utgangsfart, ustyrte rakettar, styrte missil og passive trykkfølsame stridsvognminer. Moderne kamp mot panser inkluderer artilleri og missil som kan bruka passive optiske, termiske og akustiske sensorar eller aktive radarsensorar. Miner kan bruka passive sensorar basert på optiske, termiske, akustiske, seismiske og magnetiske sensorar.

Artilleri er ofte brukt og dimensjonert for direkte frontalskyting, og panser er tilsvarande godt verna mot slik påskyting både med fleirlagspanser og med aktivt panser. Det har gjort at alternative nedkjempingsmetodar har vorte stadig vanlegare, med totrinns sprengladning og konsept basert på toppangrep som resultat.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Maj. Frederck Myatt M.C., Modern Small Arms, Crescent Books, New York, NY, 1978, pp,228-29