Pantaleón og tjenerinnene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pantaleón og tjenerinnene
Pantaleón y las visitadoras
Forfattar(ar)Mario Vargas Llosa
Språkspansk
Sjangerkomisk litteratur, Samfunnsroman
Utgjeven1973
Utsyn over Amazonas ved Iquitos i Peru, der noko av handlinga i boka finn stad.

Pantaleón og tjenerinnene, originaltittel Pantaleón y las visitadoras, er ein roman av den peruanske forfattaren og nobelprisvinnaren Mario Vargas Llosa. Romanen kom ut på spansk i 1973 og vart omsett til bokmål av Kjell Risvik i 1974.[1] Vargas Llosa skreiv denne boka samstundes med at han gjorde den første filmversjonen av boka.

Historia handlar om ei gruppe prostituerte, kalla «vitjande», som er spesielt utvalde for å tene den peruanske hæren i brakker i jungelen. Han er basert på verkelege hendingar som forfattaren, ifølgje han sjølv, kunne observere på reisene sine i Amazonas-regnskogen i tida frå 1958 til 1962.

Vargas Llosa vann den latinamerikanske litteraturprisen for denne boka.[2]

Handling[endre | endre wikiteksten]

Romanen fortel om ein kaptein i den peruanske hæren, Pantaleón Pantoja, som av sin overordna, og mot si eiga vilje, er trekt inn i eit oppdrag for å løyse problem rundt utilfredsstilte seksuelle behov hos soldatane som er utstasjonert på avsidesliggande stader i peruansk Amazonas. Pantoja er vald ut til dette oppdraget fordi han er ein mønstermilitær, utan lastar og utan born.

Oppdraget som Pantoja er beordra til å utføre er skiping og organisering av vitjingstenester kalla «Tenarinneordning for garnisonar, grensepostar o.l.»,[3] òg kalla Tenarinneorganisasjonen. Dette er i røynda transport av prostituerte med elvebåt og flybåt til dei militære postane rundt senteret Iquitos i Loreto-regionen. Tenestene blir sett i verk for underoffiserar og soldatar, sidan kjem planar for å gå vidare til høgare grader, og alt er hemmeleg. Blant desse prostituerte, er det ei mykje forførande kvinne Olga Arellano, som nærmar seg Pantaleón og til slutt får han til å vere utru mot kona Francisca.

«Pantaleón er ein mann som går under for styrken i prinsippa sine»

Mario Vargas Llosa
sololiteratura.com[2][4]

Sidan blir Olga Arellano drepen av ei gruppe rasande sivile frå ein landsby. Pantaleón kjem til gravferda i den militære uniforma si og held ein tale med føremålet å heve moralen til arbeidarane. Dermed røpar han offentleg at tenestetilbodet er driven av det militære, og røpar løyndomen om at han er involvert. Dette skandaliserer hæren så mykje at den militære leiinga ser seg tvinga til å gje Pantaleón ordre om å legge ned verksemda. Denne kompliserte situasjonen gjer òg at Pantaleón Pantoja får beskjed om at den militære karrieren hans har kome til ein slutt, men dei overordna i Lima gjev han ein siste sjanse, og sender han langt bort, til den kalde Titicaca. Han får kommandoen over ein garnison som ligg der.

Forteljinga er heldt i ein laussluppen satirisk og komisk tone, den pliktoppfyllande Pantaleón utførte oppdraget med effektivt militært byråkrati. General Scavino skildra arbeidet til Pantaleón Pantoja på følgjande vis: «Hadde han enda bygd opp en middelmådig mangelfull organisasjon. Men den tosken har gjort det til den mest effektive organisasjonen i de væpnede styrker.»[5]

For film og teater[endre | endre wikiteksten]

Første filmen i 1975[endre | endre wikiteksten]

Den første filmversjonen av Pantaleón y las visitadoras vart filma i Den dominikanske republikken i 1975, etter at den peruanske regjeringa sette restriksjonar på filming i Peru. Filmen vart regissert av José María Gutiérrez Santos og Mario Vargas Llosa sjølv, han hadde sjølv ein liten ubetydelig rolle som militær.

Filmen vart ingen stor suksess, og vart dessutan stoppa av militærregimet i Peru. Etter gjeninnføringa av demokratiet fekk filmen premiere den 26 november 1981, men ein scene var sensurert bort.

Andre filmen i 1999[endre | endre wikiteksten]

Den andre filminga av Pantaleón y las visitadoras vart gjort av Francisco J. Lombardi i Peru i 1999. Lombardi hadde tidlegare filmatisert ei anna bok av Vargas Llosa, La ciudad y lós perros. Av skodespelarane kan nemnast peruanske Salvador del Solar som Pantaleón Pantoja, og colombianske Angie Cepeda i rolla som Olga Arellano.

Dramatisering[endre | endre wikiteksten]

Den colombianske film- og teaterregissøren Jorge Alí Triana og dottera hans Veronica Triana laga ei oppsetting for teater av Pantaleón y las visitadoras, førestillinga hadde verdspremiere i 2009 på den spanske Theatre Repertorio Español i New York, med musikk av colombianaren Andrés Cabas og ein internasjonal oppsetting.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Oppslag i Bibsys.no[daud lenkje]
  2. 2,0 2,1 Pantaleón y las visitadoras, sololiteratura.com, arkivert frå originalen 4. desember 2010, henta 26. november 2010 
  3. Servicio de Visitadoras para Guarniciones, Puestos de Frontera y Afines, SVGPFA
  4. ”Pantaleón es un hombre que se hunde por la solidez de sus principios.”
  5. Romanen i omsetting til bokmål, side 174
  6. «Pantaleón y las visitadoras», repertorio.org (på engelsk), arkivert frå originalen 25. mai 2012, henta 9. november 2010