Pantokrator

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For fjellet, sjå Pandokrátor.
Pantokrator-avbilding av Jesus i domkyrkja i CefalùSicilia.

Pantokrator (gresk for ’den allmektige’) er ein bysantinsk kunsttype som syner fram Kristus som ein allmektig herskar.[1] Denne framstillinga finst vanlegvis i kuppelen eller apsiden av ei kyrkje. Jesus blir framstilt med stora auge, liten munn, smal nase og lange fingrar. Som oftast har han høgre hand løfta for å signa, og held ei utsmykka, oppslått bok i venstre hand.[1] Han har skjegg og hovudet er omgjeve av ein glorie.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «pantokrator». Nationalencyklopedin. Henta 2 september 2016.