Pantsir-S1

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
SA-22 Pantsir-S1 på KamAZ-6560

Pantsir-S1 (russisk Панцирь-С1), NATO-kallenamn SA-22 Greyhound) er ei luftvernplattform med kort-til-middels rekkjevidde. Systemet er samansett av bakke-til-luft-missil (SA-19) og luftvernartilleri med 30mm maskinkanonar. Produsenten er KBP Instrument Design Bureau frå byen Tula i Russland. Våpenet er ei vidareutvikling av 2S6 Tungusjka og brukte i 2017 framleis den nyaste teknologien innan sokalla phased array (fasestyrt radar med arrangement av antenner som ikkje treng rotera eller bevege seg) for både målfinning og målfølging.

Føremålet med Pantsir-S1 er å skapa nærforsvar (rundt 2000 m) mot trugslar frå lufta, så som kryssarmissil, helikopter og jagarbombarar og dronar (UAV). [1][2].

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «96К6 "Панцирь-С1" - зенитный ракетно-пушечный комплекс». 
  2. «PANTSIR-S1 AIR DEFENSE MISSILE-GUN SYSTEM». 

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

HOW ISRAEL DESTROYED RUSSIAN PANTSIR-S1 IN SYRIA [[1]]