Hopp til innhald

Paolo Macchiarini

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Paolo Macchiarini
Fødd22. august 1958
Basel
NasjonalitetItalia
Yrkekirurg
InstitusjonarKarolinska Institutet
Kuban State Medical University
Alma materUniversitetet i Pisa

Paolo Macchiarini (fødd 22. august 1958 i Basel i Sveits) er ein italiensk forskar i regenerativ medisin som var tilsett som gjesteprofessor ved Karolinska Institutet i Stockholm til og med 30. november 2016.[1] Han arbeider òg som sjeflege på universitetskliniken Careggi i Firenze.

Macchiarini har arbeidd med avansert luftvegskirurgi og transplantasjonar med kunstige organ og han har fått internasjonal merksemd for å ha gjort luftrøyrtransplantasjoner frå avlidne donorar. Han vart rekruttert i 2010 til Karolinska Institutet for å utvikla laboratorieproduserte organ. I 2011 gjorde han den første transplantasjonen i verda av eit kunstig luftrøyr på ein pasient i Huddinge. Operasjonen var ikkje vellukka, og med store komplikasjonar, men Paolo Macchiarini fekk likevel halda fram med praksisen.

I juni 2012 gjorde Macchiarini implantasjon av eit kunstig luftrøyr på ei ung russisk kvinne, Julia Tuulik, etter ei ulukke - i Krasnodar Regional Clinical Hospital. I oktober 2013 døde pasienten. Mor til Julia Tuulik rapporterte at dottera sin død var svært smertefull, og fleire meinte at det ikkje var naudsynt med eit kunstig luftrøyr i dette høvet.

Granskingar

[endre | endre wikiteksten]

Etter at Macchiarini vart meld til politiet for forskingssvindel, tilsette Karolinska institutet våren 2015 ein ekstern granskar av Macchiarini i form av professor emeritus Bengt Gerdin frå Uppsala. Gerdin kom i mai 2015 fram til at denne gjort seg skuldig til omfattande svindel i forskning.[2] I sin slutning i august 2015 valde likevel Karolinska institutet og rektor Anders Hamsten å frigjere Macchiarini frå anklagelsane, etter at Macchiarin hadde sendt inn meir dokumentasjon.[3] Denne slutninga fekk kritikk frå både Vetenskapsrådet og frå Gerdin, som spurte kvifor dokumentasjonen i så fall ikkje vart overlevert honom i samband med granskningen.[4].

Vidare gransking

[endre | endre wikiteksten]

Läkemedelsverket i Sverige ved Inspektionen för vård och omsorg melde sidan operasjonane til politiet for kroppsskade med død til fylgje.[5]

I januar 2016 sende Sveriges Televisjon Dokument inifrån, ein serie i tre delar der Paolo Macchiarini sitt forskingsprosjekt med transplantasjoner av kunstige luftstrupar vart granska.[6]

På same tid publiserte Vanity Fair ein artikkel der Paolo Macchiarini vart skulda for å ha gitt seg ut for å vera personleg lækjar åt pave Frans, og sa at paven skulle vigsla Macchiarini og NBC-journalisten Benita Alexander trass i at Macchiarini framleis var gift med Emanuela Pecchia.[7]

  • 13. februar: Rektor Anders Hamsten kunngjorde avgangen sin. Han kunngjorde òg at KI ville opne ein ny bedragerisak mot Macchiarini.
  • 13. februar: Fire professorar frå Nobelforsamlingen på KI tok permisjon frå Nobelkomiteen så lenge Macchiarini blei etterforska.
  • 22. februar: Forskningsdekan Hans-Gustaf Ljunggren og viserektor Jan Carlstedt-Duke trekte seg.
  • 23. mars: Macchiarini fekk sparken frå Karolinska Institutet.
  • 21. april: Den svenske regjeringa erstatta fleire medlemmar i styret til KI.
  • 22. april: Fire overlækjarar leverte ei ny melding til KI, der dei skulda Macchiarini for å ha manipulert bilde i ein artikkel.[8]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]