Paolo Uccello

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Helgenen Georg i kamp mot draken, ca 1470

Paolo di Dono, betre kjend som Paolo Uccello, (139710. desember 1475) var ein italiensk målar og matematikar frå Pratovecchio nær Arezzo, og som arbeidde i Firenze. Han er kjend for sitt pionerarbeid med visuelt perspektiv i kunst. Paolo jobba i seingotisk tradisjon, og framheva farge og prakt framfor klassisk realisme. Stilen hans er best skildra som eineståande, og stilforma har sjeldan vorte gjenteken. Hans best kjende verk er dei tre måleria som syner slaget om San Romano.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Uccello gjekk i lære hos bilethoggaren Lorenzo Ghiberti og assisterte denne i arbeidet med bronseportane til dåpskapellet i Firenze. I 1415 vart han teken opp i lauget Medici e Speziali. Han busette seg seinare i Firenze og måla freskar med motiv frå fyrste mosebok i krossgangen til klosteret ved Santa Maria Novella. I fresken Syndefloda, måla som lunett, skildrar Uccello fasar i den bibelske naturkatastrofen med figurar som kjemper for å overleve. Ein mann klamrar seg fast ved arka, to figurar sym frenetisk.

Som ein i krinsen omkring Donatello, eksperimenterte Uccello mykje med korleis ein ved hjelp av perspektivet skulle kunne gjengi den tredimensjonale røyndomen på et todimensjonalt ytre. Giorgio Vasari fortel i sin biografi over renessansemålarar at Ucello jobba natta gjennom for å fange det eksakte forsvinningspunktet i eit bilete, han brukte perspektiv for å skape ei kjensle av djupne i måleria sine. Vasari hevdar at Paolo di Dono vart kalla Uccello ([[italiensk;«fugl») ettersom han var veldig glad i å måle fuglar, men ikkje hadde råd til å eige nokon. I staden omgav han seg i heimen sin med måleri av fuglar og andre dyr.

Slaget ved San Romano, 1438-40

Slaget ved San Romano[endre | endre wikiteksten]

Uccello skildra slaget ved San Romano den 1. juni 1432 på tre store panel. Biletet syner den florentinske hærføraren Niccolò da Tolentino føre troppane sine mot hæren til byen Siena. Den særs forenkla framstillinga av hestane, oppstillinga av lansane og den geometriske inndelinga av bakgrunnen, gjev komposisjonen i sin heilskap den abstraherande tendensen som er karakteristisk for mange av Uccellos måleri.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Paolo Uccello