Papagayovind

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Papagayovind er ein nord eller nordaustleg vind som i periodevis bles gjennom fjellpassa i fjella i Mellom-Amerika der ein finn Nicaraguasjøen. Vinden er kalla opp etter Papagayobukta ved stillehavskysten. Vinden er kraftigare enn passatvind som vanlegvis bles her. Vinden er kjend for å auke oppvellinga langs kysten av kjølig, næringsrik vatn. Vind og oppvelling i lag vert stundom kalla ei papagayo-hending.

Papagayo kjem av kjøligare, tørrare luft frå det nordamerikanske kontinentet. Slike hendingar er mest vanleg om vinteren, men kan òg skje til andre tider av året.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]