Paparoa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For nasjonalparken og fjellrekkjaSørøya med same namn, sjå Paparoa National Park og Paparoa Range.
Paparoa
Styresmakter
Land
Region
Distrikt
Flag of New Zealand.svg New Zealand
Northland
Kaipara
Geografi
Koordinatar 36°5′54″S 174°14′22″EKoordinatar: 36°5′54″S 174°14′22″E

Paparoa er ein busetnad i regionen NorthlandNew Zealand, om lag ein og ein halv times biltur nord for Auckland. Elva Paparoa Stream renn frå aust gjennom busetnaden og inn i Paparoa Creek som går mot sør og renn saman med Arapaoa River som er ein del av Kaipara Harbour. Riksvegen State Highway 12 går òg gjennom Paparoa. Matakohe ligg seks km mot sørvest, og Maungaturoto 12 km mot aust.[1][2]Namnet Paparoa kjem frå maorispråk, og tyder «lang, flat stein».

Historie[endre | endre wikiteksten]

Paparoa var ein av fleire busetnadar i Kaipara som vart grunnlagd av ei religiøs gruppe kjend som Albertlanders. Port Albert nær Wellsford var den viktigaste busetnaden deira, Matakohe var ein annan.[3] Dei slo seg ned i Paparoa i 1863. Jorda vart svidd av slik at dei kunne så korn og gras.[4] I 1865 vart det bygd ein veg til hamna i Pahi, og kort etter ein til Matakohe.[5] Eit pottemakeri og ein fabrikk som laga tauverk og matter av flax (Phormium cookianum eller P. tenax) var i drift i 1870-åra, og der vart oppretta teglverk, men verksemdene måtte lida under dårlege vegar og høge fraktkostnadar. Dei næraste butikkane låg i Pahi, nesten ti km mot sør.[6]

Dampbåten Minnie Casey batt frå 1882 saman Paparoa med Helensville på sørsida av Kaipara med ei rute ein gong i veka, og S.S. Ethel tok over frå 1891-95, etterpå gjekk ruta berre til Matakohe og Pahi.[7] Vegnettet i området vart utbetra i 1880- og 1890-åra.[8]

I 1890-åra hadde Paparoa 35 familiar og kring 200 busette, Dei fleste hadde slått seg ned langs breiddene til Paparoa River. Medrekna Pahi var der 400 pmenneske i området. Til 1906 var folketalet i Paparoa dobla.[9] Det vart rydda beiteland i området, og eit meieri vart opna i Paparoa i januar 1895.[10]

Jarnvegslinja North Auckland railway line nådde Huarau, aust for Paparoa, tidleg på 1920-talet. Det var planlagt eit spor gjennom Paparoa, men dette vart det aldri noko av.[11]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Anonym (2004) Reed New Zealand Atlas, s. kart 7 – Reed Books. ISBN 0-7900-0952-8.
  2. Roger Smith, GeographX (2005) The Geographic Atlas of New Zealand, s. kart 30 – Robbie Burton. ISBN 1-877333-20-4.
  3. Sir Henry Brett og Henry Hook (1927) The Albertlanders: Brave Pioneers of the 'Sixties, s. p 234 – utgjevingsstad ikkje oppgjeven.
  4. Wayne Ryburn (1999) Tall Spars, Steamers & Gum, s. pp 19, 20 – Auckland. ISBN 0-473-06176-7.
  5. Ryburn, pp 35-36
  6. Ryburn, pp 48-49, 60
  7. Ryburn, p 75, 79
  8. Ryburn, pp 89-92
  9. Ryburn, pp 54, 62, 64, 69
  10. Ryburn, p 64
  11. Ryburn, pp 184-185, 190

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]