Papirkniv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Papirkniv av bein med hornskaft, frå Indonesia.

Papirkniv er ein kniv med uskarp egg ein kan bruka til å opna brev, spretta opp uoppskorne bøker eller folda papir med og liknande.[1][2] Slike knivar kan vera av ulike materiale som tre, metall, plast, bein eller elfenbein. Ofte er skaftet meir dekorert enn bladet. Nokre moderne papirknivar har uttrekkbare blad i eit skaft av plast.

Opning av konvolutt med papirkniv.

Slike knivar var vanlegare å bruka då bøker ofte blei selde med sider som var blitt folda og ikkje spretta opp. Brevopnar er ein smal variant av papirkniv som er spesifikt laga til å skrjera open ein konvolutt med. Papirknivar er i dag sjeldan i bruk.[3]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Papirkniv