Parabelelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Parabelelva
elv
Land Flag of Russia.svg Russland
Kjelde Kjonga og Tsjuzik
Munning Ob
Lengd 308 km km
Nedslagsfelt 25 500 km² km²
Vassføring
 - middel 123 m³/s /s

Parabelelva (russisk Парабе́ль) er ei elv i Tomsk oblast i Russland og ei av sideelvane til Ob frå venstre. Elva er 150 km lang og har eit nedslagsfelt på 25 500 km². Elva har ei middelvassføring på 123 m³/s eller 3,9 km³/år.

Parabel oppstår der elvane Kjonga og Tsjuzik renn saman. Elva er farbare og ei viktig transportåre i Parabelskogo rajon i Tomsk oblast.

Nær landsbyen Parabel deler elva seg i to greiner. Eine renn her inn i Ob, medan den andre går meir enn 50 km lenger nordvest, 10-15 km frå Ob, før òg denne greina munnar ut i Ob, 7 km ovanfor landsbyen Kargasok.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]