Paracas-halvøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Paracas)
Location of the Paracas Peninsula in the Ica Region of Peru
Paracas candelabro

Paracas-halvøya er ei ørkenhalvøy innanfor grensene av Paracas naturreservat, eit marint reservat som strekkjer seg ca. 100 kilometer sørover langs kysten.

Halvøya ligg innanfor Paracas-distriktet i Pisco-provinsen i Ica-regionen, på sørkysten av Peru. Denne uvanlege halvøya er kanskje best kjent for Paracas candelabro, ein 183 meter høg geoglyf på nordsida av halvøya. Funn av eit pottemakeri i nærleiken er datert til 200 f.Kr., plassert innanfor paracaskulturen.[1] Opphavet til geoglyfen og hensikten har inspirert til mange teoriar.

Ei hamn vart bygd langs den nordlege halvøya, der djupare vatn tillèt større lasteskip og cruiseskip å ankre opp. Turistar kan få tilgjenge til Paracas naturreservat, eit verna marint område, medan skipa er verna mot bølgjer og straum. Halvøya har raude sandstrender danna frå sanden som er erodert frå nærliggande klipper.

Det er bygd ein veg frå fastlandet til hamna, dels gjennom naturreservatet. Eit museum har fleire gamle gjenstandar frå paracaskulturen. Museet gjev òg detaljert informasjon og tolking om flora og fauna innanfor reservatet, inkludert det rike fuglelivet.

Paracas naturreservat er det einaste marine naturreservatet i Peru, det er utpeikt til plass på UNESCO si verdsarvliste.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Joseph, Frank; The Candelabra of the Andes, The Ancient American, 2:10, no. 10, 1995, reproduced at Science Frontiers ONLINE, No. 102: Nov-Dec 1995), henta 12. mai 2012