Paracas naturreservat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Paracas naturreservat
nasjonalpark
Paracas naturreservat
Foto: Paracas naturreservat
Land Mal:Landdata 1174
Kart
Paracas naturreservat
14°06′S 76°12′W / 14.1°S 76.2°W / -14.1; -76.2
Wikimedia Commons: Paracas National Reserve
Playa roja
Foto: DocSlyper
Kart av Wikimedia Commons-brukar:Bourrichon
La Catedral, januar 2007
Foto: Wikimedia Commons-brukar:Kirk39

Paracas naturreservat ligg i Ica-regionen, Peru og består av Paracas-halvøya, kystnære område og tropisk ørken som strekkjer seg sørover litt forbi Punta Caiman, totalt 335 000 hektar, av det er 217 594 marine farvatn. Innanfor reservatet finn ein dei fuglerike øyane San Gallan i nord og La Vieja i sør. Det inkluderer Bahía de la Independencia og kilometer med kystnære farvatn. Hovudføremålet er å verne det marine økosystemet og verne den historiske kulturarven knytt til urfolk, for det meste paracaskulturen.

Reservatet er heimen for mange artar av ville dyr, særleg fuglar, som i stor grad er konsentrert ved vasskanten. Nær inngangen inne i reservatet er det eit museum oppkalla etter arkeologen som gjorde funn frå paracaskulturen. Museet har gjenstandane og tolkingar, og dessutan informasjon om flora og fauna i dette unike området.

Vernestatus[endre | endre wikiteksten]

Reservatet blei etablert i 1975, og er med det det eldste marine reservatet i Peru, og det inneheld ei rekkje marine habitat og tropisk ørken. I tillegg til dei biologiske områda, vernar reserve fornminne i paracaskulturen og andre gamle sivilisasjonar. Nær museet er finn ein Paracas Necropolis (100 f.Kr. - 300 e.Kr.), med gravplassane kjent som Cabezas Largas og Cerro Colorado, kor Julio C. Tello fann mange fine gravgods med mumifiserte restar av paracaseliten.[1]

Innanfor reservatet ligg òg Pampa de Santo Domingo, der arkeologar har datert funn av menneskelege leivningar til 6500 f.Kr. saman med funn av ei dekorert fløyte, quena, det ein trur er det eldste musikkinstrumentet funne i Peru.[2]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Ein av dei viktigaste geomorfologiske attraksjonane langs Paracas-kysten, er La Catedral arch, øydelagt under jordskjelvet i Peru 2007. Bahía Lagunillas er avgrena med raude sandstrender, eit resultat av erosjon av porfyrbergartar som dominerer nokre av åsane i Paracas-halvøya. På Paracas-halvøya finn ein den mystiske geoglyfen kalla Paracas candelabro.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Pisco: Museo de Sitio Julio C. Tello, Nile Guide, with material credited to Frommer's, 2010, accessed 4 Nov 2010
  2. Paracas National Reserve Arkivert 2010-07-30 ved Wayback Machine., Go2Peru, 2000, henta 19. mai 2012