Paradis i Bergen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Paradis er eit bustadområde i Fana bydel i Bergen kommune. Paradis ligg under gardane Storetveit og Hop og fekk namn etter ein husmannsplass under Storetveitræet. Namnet har vore kjend sidan 1785, då oppsitjaren under ein barnedåp kalla seg Ole Paradis på spøk.

Skipsreiar Hilmar Reksten hadde bustad og kontora sine her, og desse bygningane utgjer i dag Hilmar Rekstens samlinger, som er eit kunstmuseum. I området her ligg òg Paradis skole, det tidlegare Fana gymnas, og privatskulen Rudolf Steinerskolen i Bergen, ofte kalla Steinerskolen på Paradis.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Frå 1932 til 1965 var Paradis ein haldeplass på Bergensbanen, 7,44 km frå Bergen jernbanestasjon på den strekninga av Bergensbanen som vart lagt ned etter at Ulrikstunnelen var ferdig. Paradis var då eit strok med einebustader, mange av den staselege sorten, og har vore dette fram til på byrjinga av 2000-talet. Men etter at Bybanen vart bygd på strekninga frå sentrum mot flyplassen, og Paradis fekk ein haldeplass på denne banen (på ein annan stad enn den tidlegare jarnbanehaldeplassen), vart det sett i gang bygging av bustadblokker på Paradis som endrar karakteren på delar av stroket monaleg. Dette samsvarar med kommunale føresetnader og vedtak om at bustader og næringsverksemd bør verte konsentrert ikring og i nærleiken av bybanehaldeplassane.

Gamlehaugen vart tidlegare rekna som ein del av Paradis, men vart etter at Fritz C. Riebers veg vart bygt, gjerne heller rekna til Fjøsanger.

Bybanen i Bergen[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Gunnar Wiederstrøm. «Bustadsblokkar og sosiale husvære øydelegg overklasseidyll i Bergen(.) Då slangen kom til Paradis». Klassekampen. 2018-12-06. S. 9