Paradis i Stavanger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 58°57′40.345″N 5°44′41.658″E

Paradis i Stavanger
stad
Land Flag of Norway.svg Noreg

Paradis i Stavanger
58°57′40″ N 5°44′42″ E
Utsnitt av kart over Hetland prestegard frå 1840-talet som viser Paradis. Hillevågsvatnet er øvst til høgre, husmannsplassen Storhaug øvst til venstre, husa på Hetland prestegard nedst til venstre og Lagård til høgre.
Utsnitt av kart over Hetland prestegard frå 1840-talet som viser Paradis. Hillevågsvatnet er øvst til høgre, husmannsplassen Storhaug øvst til venstre, husa på Hetland prestegard nedst til venstre og Lagård til høgre.

Paradis er namnet på eit område som ligg like sør for Stavanger sentrum. Det ligg mellom bydelane Våland og Storhaug i Stavanger, i skråningen frå Storhaug ned til Hillevågsvatnet. Området blei første gong nemnt med dette namnet i 1686.[1][2] Det har gjeve namn til gatene Paradisveien og Paradissvingen og til Paradis stasjon på dobbeltsporet mellom Stavanger og Sandnes.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Paradis var ein del av Hetland prestegard, og før det ein del av ødegarden Eikanes under Hetland. Området var ikkje dyrka på 1600-tallet, men leid ut til Lagård som beite.[3] Det blei betalt ei årleg leigeavgift på to pund korn[4][5] I Paradis var det ei naturljeg kjelde som blei kalla Paradiskilden. Husmennene på plassen Storhaug fekk henta vatn her.[6]

I 1825 blei Paradis festa til Iver Svendson Oftedal i hans levetid.[7] I 1837 blei Paradis gjort om til eit arvefeste.[8] I 1847 brant bygningene på Paradis ned.[9] Eigedommen blei delt då fru Tausan skilde ut ein del av eigedommen til klokkaren før 1867.[10] Paradis høyrde til Hetland herred før det blei ein del av Stavanger ved byutvidinga i 1866.

Frå 1870-talet blei området stykka opp i mindre tomter til eit bustadstrøk.[11] Frå denne perioden finst fleire villaer i sveitserstil. Dei sørvestvendte bakkane med utsyn over Hillevågsvatnet gjorde staden til eit fornemt strøk både då og seinare.[12]

Frå 2007, då Stavanger godsterminal blei flytta til Ganddal, byrja ein bruka namnet «Paradis» også om området langs vestsida av Hillevågsvatnet. Det blei planlagd ei omfattande byutvikling frå nye Paradis stasjon på dobbeltsporet mot Sandnes til Lagård gravlund. Det blei planlagd å byggja ut eit areal på totalt 100 dekar til parkar, grøntområde, strandpromenade og ny vegtilknytying. Ein gjekk etterkart vekk frå planane då Jernbaneverket, som eig eigedommen, ikkje ville flytta driftsbanegarden sin.[13]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Paradis» i Stavanger byleksikon, Stavanger: Wigestrand (2008), s. 372.
  2. Anders Bærheim: En markegangsforretning mellom Bispelagård og Hetland prestegård 1686 på gården Eikanes : med orientering i terrenget og om storgårdens deling i to gårdsparter og Bispelagård, Stavanger Museums årbok, 1958.
  3. Bærheim, 1958.
  4. Sevald Simonsen: Hetlandsmarken historie, Ætt og heim, 1974, side 92.
  5. Stavanger Formannskap Indstillinger, 1867, side 281-282.
  6. Sevald Simonsen: Hetlandsmarkens historie. Stavanger Aftenblad, 17.2.1973.
  7. Sevald Simonsen: Hetlandsmarken historie, Ætt og heim, 1974, side 84.
  8. Sevald Simonsen: Hetlandsmarken historie, Ætt og heim, 1974, side 85.
  9. Sevald Simonsen: Hetlandsmarken historie, Ætt og heim, 1974, side 93.
  10. Stavanger Formannskap Indstillinger, 1867, side 281-282.
  11. «Paradis» i Stavanger byleksikon, Stavanger: Wigestrand forlag (2008), s. 372.
  12. «Paradis» ved erlingjensen.net
  13. Stein Halvår Jupskås: «Ikke helt Paradis likevel», Stavanger Aftenblad, 27.09.2008; Isioma Daniel, Stein Halvor Jupskås: «Stavanger kan måtte vente lenge på Paradis», 12. mai 2009

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]