Paradise and Lunch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Paradise and Lunch
Studioalbum av Ry Cooder
Utgjeve Mai 1974
Innspelt Warner Brothers Studios i Nord-Hollywood i California og
The Burbank Studios i Burbank i California
Sjanger Rootsrock, blues, folk, americana
Lengd 36:51
Selskap Reprise
Produsent Russ Titelman, Lenny Waronker
Ry Cooder-kronologi 
Boomer's Story
(1972)
Paradise and Lunch Chicken Skin Music
(1976)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 stars[1]
Christgau's Record GuideA–[2]
Rolling Stone(positiv)[3]
Tom HullB–[4]

Paradise and Lunch er det fjerde studioalbumet til den amerikanske rootsrock-musikaren Ry Cooder, gjeve ut den 8. juni 1974 på Reprise Records.[5][6] Albumet består av coverversjonar av jazz-, blues og folk-standardar og obskure songar spelte inn i Warner Brothers Studios.[5] Det siste sporet, «Ditty Wah Ditty», er ein duett mellom Cooder og jazzpianisten Earl «Fatha» Hines.[7] Albumet vart produsert av Russ Titelman og Lenny Waronker.[8] Albumet nådde 167. plassen på Billboard 200-lista i USA.[9]

Albumet inneheld ein versjon av bluesartisten Washington Phillips sin «The Tattler» som stikk seg ut på grunn av gitarspelinga.[10] Songen vart sidan spelt inn av Linda Ronstadt i 1976 på albumet hennar Hasten Down the Wind og av David Soul på albumet Playing to an Audience of One.[11] I 1990 kom albumet ut på CD,[12] medan ei ommastra utgåve kom ut i 2007.[13] Albumet vart ommastra på nytt og gjeven ut på høgoppløyseleg SACD i 2017.[14]

Allmusic skreiv om albumet: «Ry Cooder forstår at ein bra song er ein bra song, sjølv om han er skriven før Depresjonen eller sist veke. Samstundes er han ikkje redd for å utforske nye vegar og mogelegheiter for materialet. Som på det tre førre albuma hans, er Paradise and Lunch fylt opp av skattar som vert ein del av verda der æraer og stilartar smeltar saman utan at det høyrest tvungen eller konstruert ut. Albumet avsluttar med ein heilt nedstrippa versjon av «Ditty Wah Ditty», i ein duett for akustisk gitar og piano, spelt av jazzlegenda Earl 'Fatha' Hines. Her får begge musikarane nok av rom til å syne kor dyktige dei er på instrumenta sine, og resultatet er ikkje noko mindre enn fantastisk. Albumet er eklektisk, intelligent og gjennomført underhaldande og er framleis meisterverket til Ry Cooder.»[15]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Tamp 'Em Up Solid»Tradisjonell3:19
2.«Tattler»Washington Phillips, Ry Cooder, Russ Titelman4:14
3.«Married Man's a Fool»Blind Willie McTell3:10
4.«Jesus on the Mainline»Tradisjonell4:09
5.«It's All Over Now»Bobby Womack, Shirley Womack4:49
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Fool for a Cigarette/Feelin' Good» (medley)Sidney Bailey, J. B. Lenoir, Jim Dickinson4:25
7.«If Walls Could Talk»Bobby Miller3:12
8.«Mexican Divorce»Burt Bacharach, Bob Hilliard3:51
9.«Ditty Wah Ditty»Arthur Blake5:42

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

År Liste Plassering
1974 Billboard Pop albums 167

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Allmusic review
  2. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: C». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 20. september 2020 – via robertchristgau.com. 
  3. «Rolling Stone review». Arkivert frå originalen 23. juni 2009. Henta 22. september 2020. 
  4. Hull, Tom (April 1975). «The Rekord Report: First Card». Overdose. Henta 20. september 2020 – via tomhull.com. 
  5. 5,0 5,1 «Ry Cooder - Paradise And Lunch (original)». Discogs. Henta 20. september 2020. 
  6. «Ry Cooder Biography». rollingstone.com. Rolling Stone Magazine. Arkivert frå originalen 18. november 2015. Henta 20. september 2020. 
  7. Allmusic.com review by Brett Hartenbach
  8. Lefsetz, Bob. «Welcome To My World - «Ry Cooder Primer»». rhino.com. Henta 20. september 2020. 
  9. Inc, Nielsen Business Media (22. juni 1974). Billboard Magazine (print) (på engelsk). Nielsen Business Media, Inc. s. 62. 
  10. «Deep Cuts: Ry Cooder’s Funky Fingerstyle». www.premierguitar.com. Henta 20. september 2020. 
  11. Moon, Tom (2008). «Paradise and Lunch | 1000 Recordings to Hear Before You Die». www.1000recordings.com. Henta 20. september 2020. 
  12. «Ry Cooder - Paradise And Lunch (CD release)». Discogs. Henta 20. september 2020. 
  13. «Ry Cooder - Paradise And Lunch (remaster)». Discogs. Henta 20. september 2020. 
  14. «Ry Cooder - Paradise And Lunch (Hybrid Super Audio CD release)». Discogs. Henta 25. mai 2018. 
  15. Allmusic review
  16. Moon, Tom (28. august 2008). «1,000 Recordings to Hear Before You Die». Workman Publishing. ISBN 978-0761-1538-56 – via Google Books.