Parafinmotor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Parafinmotor er ein forgassarmotor som nyttar parafin som drivstoff. Parfin har oktantal lik 0, så om ein bensinmotor vert køyrt på parafin vil drivstoffet sjølvtenna og føra til kraftig «motorbank» og motoren vil ta skade. Parafinmotorar har difor lågare kompresjon (typisk 4,5:1) enn bensinmotorar, noko som gjer at effekten vert lågare i høve til sylindervolumet.

Grunnen til at parafin likevel har vore nytta som drivstoff er at det i mange land er avgift på bensin, men ikkje på parafin. Innan landbruket har parafin vorte nytta som drivstoff for traktorar. Etter 1910 vart mange traktorar leverte med parafinmotorar, på grunn av at parafin var avgiftsfri. Parafin var viktig som drivstoff for traktorar fram til 1950, men heilt fram til 1960 kunne mange små traktorar leverast anten med bensinmotor og eller med parafinmotor.

Parafin fordampa ikkje så lett som bensin, så parafinmotorane har forvarming av drivstoffet, ved at det vert leia gjennom eit forvarmingskammer før forgassaren som vert varma opp av eksosen. Motoren må startast på og køyrast varm på bensin og når han er komen opp i normal arbeidstemperatur vert han kopla over på parafin.

På grunn av at parafin ikkje fordampar like lett som bensin kan det vera eit problem at uforbrent drivstoff lek forbi stemplet og hamnar i motoroljen i botnpanna. Parafindrift kan difor føra til auka slitasje og kortare levetid på motorane.

Bensinmotorar kan byggast om til parafindrift ved å bytta topplokk (for å redusera kompresjonen) og bygga på forvarming før forgassaren. For at det ikkje skulle vera naudsynt å bytta topplokk på bensinmotorar vart det i Storbritannia og Australia etter 2. verdskrig innført eit drivstoff kalla Tractor Vaporising Oil (TVO), som var parafin tilsett nokre aromatisk bindingar som opphavleg finst i råolje men som vert fjerna under framstilling av parafin. TVO hadde eit oktantal på 55 til 70, så bensinmotorar kunne køyrast på det utan å redusera kompresjonen. Forvarming var framleis naudsynt, men ettersom ein ikkje trong å bytta topplokk vart ombygginga mykje rimelegare. Etter 1950 hadde dei fleste nye traktorar dieselmotorar, men mange gamle traktorar var framleis i bruk, så i Storbritannia var TVO å få kjøpt heilt fram til 1974.

Soge[endre | endre wikiteksten]

George Brayton bygde ein motor som nytta parafin som drivstoff i 1882.