Parafyletisk gruppe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Krypdyra er ei parafyletisk gruppe. Viss me inkluderer fuglane i ho, vert ho monofyletisk.

Parafyletiske (av gresk, para = nær og phylos = rase) grupper er, i evolusjonsbiologien, biologiske grupper der alle medlemmane har ein felles stamfar, men der somme grupper med same opphav ikkje vert rekna med. Dette inneber at somme medlemmar i gruppa vil vera nærare i slekt med organismar utanfor gruppa enn med andre organismar i same gruppe. Døme på dette inkluderer mellom anna klauvdyr, der flodhesten er nærare skyld kvalar enn til dømes kveg og hjortedyr, og krypdyra, der krokodilla er nærare skyld fuglar enn skjelpadder og skjelkrypdyr.

Ei fylogenetisk gruppe der alle etterkommarane av ein felles stamfar vert rekna med, vert rekna som monofyletisk.