Paragraf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Paragraf (frå gresk paragraphos, skrive ved sidan av, lagt til) er ein avgrensa del av eit regelverk. Kvar paragraf ermerkamed teiknet § og eit tal. Paragrafteiknet § er eigentleg danna av to samanskrivne s-ar, og står for latin signum sectionis, 'avsnittsteikn'.

Omgrepet blir brukt når ein lagar lover, føresegner, vedtekter, traktatar og likande. Kvar paragraf tar for seg ein avgrensa del av dei mange reglane som eit større regelverk består av. Kvar paragraf kan bestå av fleire avsnitt, i norsk lovspråk kalla ledd, som igjen kan bestå av mange setningar, i norsk lovspråk kalla punktum. Kvar paragraf kan også innehalde nummererte underpunkt og/eller bokstavar.

I eit større regelverk vil vanlegvis fleire paragrafer vere samla i eit kapittel, der paragrafane handlar om liknande problemstillingar.

Systemet med å dela opp lovtekster i paragrafar blei innført av glossatorane som studerte romarretten på 1100- og 1200-talet. Alle norske lover frå og med Grunnlova av 17. mai 1814 er inndelt i paragrafar.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Gisle, Jon (5. desember 2018). «paragraf». Store norske leksikon (på norsk).