Parallakse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Parallakse (gresk παράλλαξις, parállaxis) er endringa i posisjonen til to stasjonære punkt relativt til kvarandre sett av ein observatør, som følgje av rørsla til observatøren. Det er den tilsynelatande forflyttinga av ein lekam i forhold til ein bakgrunn på grunn av endring i posisjonen til observatøren.

Bruk til avstandsutrekningar[endre | endre wikiteksten]

Ved å observere parallakse, måle vinklar og bruke geometri, kan ein finne avstanden til forskjellige lekamar. Når ein nyttar dette i samband med stjerner, blir effekten kalla stellar parallakse. Den første målinga av stellar parallakse i nyare tid vart gjort av Friedrich Bessel i 1838, for stjerna 61 Cygni.

Avstandsutrekning ved hjelp av parallakse er eit spesialtilfelle av prinsippet triangulering, der ein kan finne alle sidene og vinklane i eit nettverk av triangel om ein, i tillegg til at ein kjenner alle vinklane i nettverket, veit lengda til berre éi side. Slik kan ein ved ein nøyaktig oppmåling av ei grunnlinje bestemme alle dei andre sidene i nettverket. I ein parallakse er trekanten ekstremt lang og smal, og ved å måle kortsida og den vesle toppvinkelen (dei to andre vinklane er då nær 90 grader) vil ein kunne finne dei lange sidene (som i praksis er like lange).

Den trigonometriske parallaksemetoden[endre | endre wikiteksten]

Når ein strekkjer ut armen, held ein finger i vêret og lukkar augo vekselvis, flyttar fingeren seg tilsynelatande i forhold tli bakgrunnen. Dette fenomenet vert kalla parallakse. Årsaka er at vi ser på fingeren med litt forskjellig vinkel om vi ser med høgre eller venstre auga. Flyttar me fingeren nærmare andletet, blir forflyttinga større. Den tilsynelatande forflyttinga blir enno større om ein flyttar hovudet til sidene. Dette prinsippet blir nytta til å finne avstanden til nære stjerner. Augeavstanden er diameteren i jorda sin bane rundt sola. Så gjer ein nøyaktige målingar av vinkelen, p, parallaksen til stjerna, som er halve vinkelen til den observerte forflyttinga. Som referanse ved vinkelmålingane, nyttar ein fjerne stjerer, som ikkje har noko synleg parallakse.

der p = parallaksevinkelen, a = den store halvaksen i jordas bane rundt solen, r = avstanden til stjerna. Avstanden er då

Parallaksevinkelen er veldig liten, sjølv for den nærmaste nabostjerna. Jo lengre borte ei stjerne er dess mindre blir parallaksevinkelen. Dette sett avgrensingar for denne metoden for å måle avstandar. ESA-satellitten Hipparcos, som var i drift frå 1989 – 1993, føretok dei mest nøyaktige parallaksemålingane hittil. Målingane vart ikkje forstyrra av stmosfæren, slik at han kunne finne parallaksen med ein nøyaktigheit på 0,002 bogesekund. I 2012 skaut ESA opp satellitten Gaia, som skal levere langt meir detaljerte data om posisjon og rørsler til enno fjernare lekamar.

Dagleg parallakse[endre | endre wikiteksten]

Det vert skilnad på den apparante eller observerte staden til ein himmellekam på himmelen og den geosentrike staden, det vil sei, der den ville stått, sett frå sentrum av jorda. Den daglege parallaksen har den største verdien sin, horisontalparallaksen, når himmellekamen står i horisonten. Om observasjonsstaden samstundes ligg på ekvator, vert vinkelen kalla ekvatorial-horisontalparallaksen. Dette er den vinkelen ekvatorradiusen til jorda kan sjåast under frå himmelekamen. Dagleg parallakse er berre målbar or himmelekamar som høyrer til solsystemet. Dagleg parallakse vert òg kalla høgde-parallakse.

Solparallaksen[endre | endre wikiteksten]

Solparallaksen er den vinkelen som ekvatorradien til jorda vert sett under frå sentrum av sola i middelavstanden til jorda frå sola. Denne er lik 8,794148 bogesekund.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]