Parallellkopling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Parallellkopling av motstandar.

Ei parallellkopling er ei kopling av kondensatorar, motstandar eller andre komponentar med to punkt for tilkopling. Det eine settet med tilkoplingspunkt vert kopla saman for seg og det andre settet for seg, slik at ei eventuell spenning over parallellkopling er lik spenninga over dei einskilde komponentane. Ved parallellkopling av kondensatorar blir kapasitansane addert og det same skjer med konduktansane ved parallellkopling av motstandar.

Ei parallellkopling kan òg vere kopling av like elektriske element til eit batteri. Elementa sine positive og negative polar vert kopla saman kvar for seg slik at den elektromotoriske spenninga til batteriet blir den same som for kvart element. Ved ei slik kopling blir den indre resistansen i batteriet mindre enn i kvart element.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]