Paramaribo
Paramaribo | |
---|---|
Utsyn over Paramaribo frå byrjinga av 1900-talet. | |
Styresmakter | |
Land Distrikt Kommune |
Surinam Paramaribo distrikt Paramaribo |
Grunnlagd | 1630 |
Geografi | |
Innbyggjarar | 230 000 |
Plassering | |
Paramaribo i Surinam |
Paramaribo er hovudstaden i Surinam i Sør-Amerika. Han har rundt 250 000 innbyggjarar. Det historiske sentrumet av byen er ført opp på UNESCO si liste over verdsarv.
Geografi[endre | endre wikiteksten]
Paramaribo ligg rundt 15 km innanfor munningen av elva Surinam i Atlanterhavet. Byen er eit transportsentrum med hamn og jernbaneendepunkt, og er det økonomiske sentrumet i Surinam med størstedelen av industriproduksjonen i landet, mellom anna aluminiumverk, tre-, tekstil-, nærings- og nytelsesmiddelindustri.
Paramaribo har botanisk hage, ei gammal festning og ein del bevart koloniarkitektur, mellom anna presidentpalasset. Domkyrkja i byen frå 1885 er rekna som den største trebygningen i Amerika. Byen har også den største moskeen i Karibia, hindutempel og fleire synagogar. I 2002 blei den historiske bykjerna ført opp på UNESCO si liste over verdsarv.
Soge[endre | endre wikiteksten]
Paramaribo blei grunnlagd av britar i 1630. I 1651 blei han hovudstad i den britiske kolonien Suriname. Kolonien og byen kom på nederlandske hender i 1816. Det var bybrannar i Paramaribo i 1821 og 1832. Universitetet i byen blei grunnlagd i 1968. I 1975 blei Paramaribo hovudstad i det sjølvstendige Surinam.
Innbyggjarane i Paramaribo er hovudsakleg av afrikansk, indiansk, indisk, javanesisk, kinesisk og nederlandsk opphav.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Paramaribo» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Paramaribo» frå Wikipedia på engelsk, den 30. januar 2011.