Paramilitær

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Med ein paramilitær organisasjon meiner ein ei væpna gruppe av friviljuge med ei militær-liknande organisering. Nemninga er vel nærpå synonym med omgrepet milits, men blir ofte bruka om mindre og illegale grupper som til dels brukar terroristiske verkemiddel. Uttrykket har ofte blitt bruka om dei ulike væpna gruppene i Nord-Irland, som IRA på den republikanske (irsk-nasjonalistiske) sida, og Ulster Volunteer Force, Ulster Defence Association og andre på den unionistiske (pro-britiske) sida.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]