Paramillo-massivet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Paramillo-massivet
fjellkjede
Land Flag of Colombia.svg Colombia
Region Antioquia, Córdoba
Høgaste punkt Cerro Paramillo[1]
Høgd 3 730 m

Paramillo-massivet er ei fjellkjede i den tropiske delen av Andes. Det ligg i nordenden av Cordillera Occidental (Vestandesfjella) i Colombia. Den høgaste toppen i kjeda er Cerro Paramillo på 3730 moh.[1]

Paramillo nasjonalpark[endre | endre wikiteksten]

Mykje av området ligg innanfor Paramillo nasjonalpark (Parque nacional natural Paramillo), som går frå massivet til låglanda ved Det karibiske havet. Økosystema i massivet er typiske for Tropiske Andes, og omfattar páramo og fjellskog.

Dette er ein av to regionar der den truga fuglen paramillotapakulo (Scytalopus canus) lever.[2][3]

Eit pattedyr som finst her er den sårbare brillebjørnen (Tremarctos ornatus).[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]