Paramillotapakulo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Paramillotapakulo

Status i verda: EN Sterkt truga


Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Rhinocryptidae
Slekt: Scytalopus
Art: S. canus
Namn på andre språk
  • Engelsk: Paramillo Tapaculo
  • Vitskapleg namn
    Scytalopus canus
    Chapman, 1915

    Paramillotapakulo (Scytalopus canus) er ein fugl i tapakulofamilien. Han er endemisk til Colombia med utbreiing i to små åtskilde område i nordvestlege fjellkjeda av Andes, Cordillera Occidental.

    Skildring[endre | endre wikiteksten]

    Paramillotapakuloar liknar andre Scytalopus-tapakuloar, samla sett einsfarga mørk grå fjørdrakt, manglar det brune området på lågare flankar og undergump slik som mange andre i slekta inkludert den nærskylde paramotapakulo. Han har ei kroppslengd på 10,5 centimeter og veg ca. 13 til 16 gram.[1]

    Paramillotapakulo er endemisk til fuktige høglandskratt i Cordillera Occidental i Colombia. I dag er han berre kjent frå Páramo de Paramillo og Páramo de Frontino. Utbreiinga er avgrensa til ei smal stripe vegetasjon ved tregrensa, mellom beltet av fjellskog og páramo-grassletter høgre opp. Denne stripa av kratt, småtre og polylepisskog er ofte berre hundre meter brei.[2] Høgda over havet kan vere 3050–4000 moh.[1]

    Populasjonen er estimert til å ligge mellom 375 og 1500 individ og er trudd å vere minkande. Når han i tillegg er kjent frå berre eit mindre ubreiingsområde, har han IUCN-status som sterkt truga.[3] Medan han lokalt er vanleg, er det estimerte arealet av eigna habitat innanfor det kjente utbreiingsområdet av paramillotapakulo berre 3 km² totalt. Og av det er berre 0,1 km² effektivt verna. Páramo de Paramillo er ein nasjonalpark, men mykje dårleg verna.

    Taksonomi[endre | endre wikiteksten]

    Dette taksonet har tradisjonelt omfatta den meir utbreidde S. opacus som ein underart, og då under fellesnamnet paramotapakulo, eit namn som i dag utelukkande blir brukt for S. opacus. Dei to har ulike læte, noko som førte til at dei vart delt inn i separate artar i 2010.

    Om tapakuloar generelt[endre | endre wikiteksten]

    Tapakuloar lever i tett vegetasjon på eller nær bakkenivå og finst hovudsakleg i fjellområda i utbreiingsområdet sitt. Dei kan vere særs krevjande å observere ettersom dei spring i underskogen på ein musaktig måte. Artane er terrestriske, har korte venger og fuglane har derfor dårlege flygeevner. Dei har kraftige bein, godt egna til livet på grassletter og i underskog. Stjerten er oppreist. Dei vert enklast oppdaga og identifisert med hjelp av kjenneteikn i songen.

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    Referansar
    1. 1,0 1,1 Krabbe et al, 2003
    2. Fundación ProAves (2010)
    3. BirdLife International (2015)

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]