Paramorfose

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Paramorfose er eit spesialtilfelle av pseudomorfose utan kjemisk forandring, det vil sei ein overgang hos eit mineral frå ei polymorf form til ei anna, utan endring i den kjemiske samansetjinga og utan at den ytre forma blir endra. Til dømes vil ein sølvglanskrystall kunne ha ei ytre avgrensing som viser at han opphavleg vart danna som kubisk sølvglans (argentitt), medan ei røntgenundersøking vil vise at mineralet er gått over i ein monoklin modifikasjon (akanthitt).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]