Parcel of Rogues

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Parcel of Rogues
Studioalbum av Steeleye Span
Utgjeve April 1973
Innspelt Januar til februar 1973
Studio Sound Techniques i London
Sjanger Folkrock[1], hardrock
Lengd 39:14
Selskap Chrysalis
Produsent Steeleye Span og Jerry Boys
Steeleye Span-kronologi 
Below the Salt
(1972)
Parcel of Rogues Now We Are Six
(1974)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 stars [2]

Parcel of Rogues er det femte studioalbumet til det britiske folkrockbandet Steeleye Span, gjeve ut i 1973. Det var det mest suksessrike albumet deira så langt og nådde topp 30 på den britiske albumlista.

Albumet oppstod ut frå eit teaterprosjekt som bandet heldt på med i ein versjon av Robert Louis Stevenson sin Kidnapped, som vart sett opp i Edinburgh. Boka og skodespelet var basert på den skotske jakobittar-rørsla, og medan dei utvikla skodespelet kom bandet over mykje skotsk poesi frå 1700-talet som dei nytta for albumet.

Om albumet har eit tema er det endringa og spaninga mellom det gamle og det nye. «The Weaver and the Factory Maid» handlar om uroa i den tidlege industrialiseringa. Det er ein skarp kontrast mellom akustiske songar som «The Ups and Downs» og den funky og forvrengde songen «Robbery with Violins».

«Robbery with Violins» er betre kjend som «The Bank of Ireland» (i boka til O'Neill). Ein versjon av melodien vart nytta i filmen Titanic.

To av songane på albumet kjem frå Hogg sin Jacobite Reliques, medan «Rogues in a Nation» er ei tilpassing av Robert Burns-diktet som fordømmer Act of Union i 1707 som samla England og Skottland. Tittelen på albumet kjem frå ei linje i songen «Rogues in a Nation», her sungen acapella.

Plateomslaget syner ei budeie på dekorerte fliser, og syne kanskje til Sound Techniques, studioet dei nytta, som tidlegare hadde vore eit meieri og som framleis hadde ein statue av ei ku på veggen.

Bandet brukte trommer på dette albumet for første gongen sidan debutalbumet. Dette kom dels av bakgrunnen til Rick Kemp i rock. Etter albumet kom ut drog bandet på ein amerikansk turné som oppvarmingsband for Jethro Tull. Etter dette valde bandet å hyre ein fulltidstrommeslagar, Nigel Pegrum. Trommene tok bandet meir i retning av rock, som ein kan høyre på «The Wee Wee Man» og «Cam Ye O'er Frae France».

Albumet vart teken med på lista til magasinet Classic Rock over dei ti viktigaste britiske folkrockalbuma.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songane er tradisjonelle, utanom der anna er nemnt

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«One Misty Moisty Morning»3:30
2.«Alison Gross»5:29
3.«The Bold Poachers»4:18
4.«The Ups And Downs»2:45
5.«Robbery with Violins»1:47
Side to
Nr.TittelLengd
6.«The Wee Wee Man»4:01
7.«The Weaver and The Factory Maid»5:21
8.«Rogues in a Nation» (Robert Burns)4:34
9.«Cam Ye O'er Frae France»2:49
10.«Hares on the Mountain»4:33

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fielder, Hugh (19. september 2016). «The 10 Essential Folk Rock Albums». Classic Rock. TeamRock. Henta 25. september 2016. 
  2. Allmusic review