Pardans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eit par dansar tango.
Pardans der para flytter seg. Frå Newhalem i Washington i 1954.
Pardans utandørs i Moskva. Eit av para blir danna av ein mann og ei kvinne, eit av to kvinner.
Mange folkedansar er pardansar, som denne tyske dansen.
Cueca er ein chilensk folkedans der para aldri rører kvarandre.

Pardans viser til dansar som blir utført av eit koordinert par, ofte ein mann og ei kvinne. Slike dansar kan brukast til selskapsdans, i dansetevlingar eller til oppvising. Nokre kjende pardansar er vals, polka, salsa og tango.

Para i pardans held ofte i kvarandre, anten symmetrisk, til dømes ved at ein held kvarandre i hendene, eller asymmetrisk, der paret til dømes kan dansa i ei slags omfamning. I nokre dansar løyser para seg opp no og då, og i ein del folkedansar som blir dansa i par rører dansarane ikkje ved kvarandre i det heile.

Pardans kan utførast på ein enkelt stad eller paret kan flytta seg på dansegolvet, i same retning som andre par, danseretningen. I dei fleste europeiske pardansar flyttar ein seg, medan til dømes mange amerikanske pardansar kan vera stasjonære. I mange pardansar har éin dansar, typisk mannsdansaren, ei leiarrolle medan den andre dansaren følgjer.

Pardans kan ha ei viktig symbolsk tyding, som brurevalsen som ofte blir dansa ved bryllaup.

Ulike pardansar[endre | endre wikiteksten]

Historiske europeiske dansar[endre | endre wikiteksten]

Nordisk folkedans og gammaldans[endre | endre wikiteksten]

Danseband-dans[endre | endre wikiteksten]

Swingdans og jazz-tilknytte dansar[endre | endre wikiteksten]

Selskapsdans[endre | endre wikiteksten]

Standarddansar:

Latindansar:

Salsafamilien[endre | endre wikiteksten]

Tango-tilknytte dansar[endre | endre wikiteksten]

Andre pardansar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pardans