Pardes Hanna-Karkur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°28′16″N 34°58′03″E
Pardes Hanna-Karkur
lokal kommune
Pardes Hanna-Karkur municipality building sept 2006.jpg
Pardes Hanna-Karkur rådhus
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Haifa distrikt
Koordinatar 32°28′16″N 34°58′03″E
Areal 22,6 km²
Folketal 31 800 (2009)
Folketettleik 1 407 / km²
Grunnlagd 1969
Borgarmeister David Ga'ash Hayim
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Pardes Hanna-Karkur

Pardes Hanna-Karkur (hebraisk skrift פַּרְדֵּס חַנָּה-כַּרְכּוּר) er ein by i Haifa distrikt i Israel. I 2009, hadde han eit folketal på 31 800.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Beit Harishonim i Pardes Hanna
Pardes Hanna, 1938

I 1913 vart 15 kvadratkilometer land kjøpt av Hachsharat Hayishuv frå arabarar i Jenin og Haifa for 400 000 francs (ein sum som tilsvarar 2 millionar amerikanske dollar).[2] To år seinare, vart landområdet seld til ein privat investor, Yitzhak Shlezinger, Odessa-komiteen og First London Ahuza. Dette landområdet vart kjernen i Karkur, moshaven Gan Hashomron og kibbutzen Ein Shemer. Fram til busetjinga faktisk byrjja, vart området verna av Hashomer, som planta eukalyptustre for å omgå ei tyrkisk lov som tillet osmanarane å ekspropriere land som ikkje hadde blitt dyrka i tre år.[2]

Dei første busetjingane gjorde det ikkje så bra. Shlezinger gjekk konkurs og selde landområdet sitt til Jewish National Fund. London Ahuza håpte at engelske jødar skulle slå seg ned på landområdet, men klarte det berre delvis. Til slutt slo Jewish National Fund og London Ahuza seg saman og grunnla Karkur.[2]

Pardes Hanna vart grunnlagd i 1929 av Palestine Jewish Colonisation Association og kalla opp etter Hannah Rothschild, dotter til Nathan Mayer Rothschild.

Den 6. april 1948 raida Irgun ein leir med den britiske arméen ved Pardes Hanna og tok livet av sju britiske soldatar og stal mange våpen.[3]

Etter det israelske sjølvstendet, vart Neve Efraim grunnlagd av jødiske emigrantar frå Jemen og Neve Oved vart grunnlagd av Arbeidarrørsla.[2]I tillegg kom mange jødar frå Mumbai i India, inkludert jødar frå Bahrain som flykta til Israel via Mumbai.

I 1950-åra vart landsbyane Tel Shalom og Neve Efraim slått saman med Pardes Hanna. Pardes Hanna og Karkur vart slått saman i 1969.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]