Parelius Berntsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Parelius Berntsen
Fødd24. februar 1910
Fauske
Død16. mai 1995
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar

Parelius Hjalmar Bang Berntsen (24. februar 191016. mai 1995) var ein norsk arbeidar og stortingsrepresentant frå Fauske som var tingmann frå Nordland og for Arbeidarpartiet i tida 1945-65.

Berntsen var son til ein gruvearbeidar. Sjølv arbeidde han på gard til han var 20 år gammal. Frå 1930 byrja han å arbeide i Mofjell gruver i Rana. Medan han jobba i Mofjell-gruvene engasjerte han seg i gruvearbeidarforeininga, og frå 1930 var han med i styret i Rana faglege utval, frå 1935 som formann. Han var også ei tid formann i Nord-Rana Arbeiderparti. Frå 1937 til 1941 var han varaordførar i Nord-Rana herad, og etter krigen var han medlem av formannskapet i kommunen til 1951.

Etter åtte år i gruva byrja Berntsen i 1939 å arbeide ved veg- og jarnbaneanlegg. Under andre verdskrigen arbeidde han på lageret til Rana samvirkelag. Samstundes deltok han i illegalt arbeid.

Berntsen vart vald inn på Stortinget i 1945 og var stortingsrepresentant i fem periodar. Han var fyrst medlem i Veg- og jarnbanekomiteen, frå 1950 til -57 kalla Samferdslekomiteen. Sidan 1958 var han medlem i Skog-, vassdrags- og industrikomiteen til han forlet Stortinget i 1965.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]