Parforsejaktlandskapet på Nord-Sjælland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Parforsejaktlandskapet på Nord-Sjælland

Jægersborg Dyrehave sett mot Eremitageslottet. I framgrunnen ein hjorteflokk.
Foto: .bastian
LandDanmark
Innskriven ved UNESCOs 39. sesjon i 2015.
Referansenr. 1469.
Kriterium:II, IV
Sjå ògVerdsarvstader i Norden
BakgrunnsstoffParforsejaktlandskapet på Nord-Sjælland ved unesco.org

Parforsejaktlandskapet på Nord-Sjælland omfattar jaktområda Store Dyrehave og Gribskov, og jaktområdet som ligg i Jægersborg Hegn/Jægersborg DyrehaveSjælland i Danmark. Landskapet vart i 2015 teke inn på UNESCO si verdsarvsliste.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Parforsejakt på Nord-Sjælland cirka 1750, akvarell av Johan Jacob Bruun

Parforsejakta vart innført til Danmark av Kristian V på slutten av 1600-talet. Inspirasjonen hadde han fått etter ei reise til Frankrike der han hadde vitja Ludvig XIV av Frankrike og delteke i hans parforsejakter.[2] Dette var ei jaktform der jegerar til hest og med hundar forfylgde ein kronhjort til han var utmatta og ikkje lenger i stand til å laupe. Deretter heldt hundane hjorten fast og jaktdeltakaren med høgast byrd drap byttet med eit sverd eller spyd.[2]

Utsnitt av eit gamalt kart - «Det Gram-Langenske skovkort» - som tilhøyrer Rigsarkivet. Kartet viser dei stjerneforma vegane i Gribskov.

Kristian V gjorde fleire av skogsområda på Nord-Sjælland om til parforsejaktlandskap etter fransk mønster. I områda som vart nytta til parforsejakt er vegane lagde i stjerneform, slik at jegerane kunne stå i vegkryssa og enkelt sjå hundane som jakta på viltet. Det er restar etter slike anlegg i Hareskoven ved Farum, i Geels Skov ved Holte, i Store Dyrehave ved Hillerød og i den sørlege delen av Gribskov.[2]

Det best bevarte anlegget er Eremitagesletta i Jægersborg Dyrehave der Eremitageslottet ligg i det sentrale vegkrysset. Den siste parforejakta på Eremitagesletta fann stad i 1770.

Området har eit totalt areal på 4 543 hektar[1] og omfattar: Gribskov med Fredensborg slott, Store Dyrehave med Frederiksborg slott, Geels Skov, Hareskoven, Jægersborg Hegn og Jægersborg Dyrehave med Eremitageslottet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «The par force hunting landscape in North Zealand» (på engelsk). UNESCO. Henta 18. mars 2017. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Jette Baagøe. «Berømte jagtsystemer / Parforcejagtsystemet og Eremitagen» (PDF). Verdensarv i Danmark og Grønland (på dansk). Kulturarvstyrelsen. s. 40–43. Henta 18. mars 2017.