Pariskommunen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Pariskommunen er namnet på det revolusjonære folkestyret som blei oppretta i Paris 18. mars 1871.

Barrikade fra 1871

Bakgrunnen var den sterkt auka misnøya i arbeidarklassen og småborgarskapet i Paris som oppstod som følgje av den fransk-tyske krigen 1870-1871 og den prøyssiske omleiringa av byen.

Det var stort fleirtal av radikale republikanarar og sosialistar i Paris. Byen stod i skarp politisk motsetning til nasjonalforsamlinga i Versailles og regjeringa som utgjekk frå den. Det var full organisasjons- og pressefridom i byen, sjølv om Versaillesforsamlinga gjennom den militære kommandanten for byen prøvde å forby radikale aviser.

Mange av mennene i byen var gått inn i nasjonalgarden, som no var som ein folkemilits for byfolket. Dei meinte regjeringa var altfor svake i kampen mot prøyssarane, og at kapitulasjonen 28. januar var eit svik.

Da Kommunen blei utropt 18. mars var det såleis både ein sosial og ein patriotisk dimensjon i opprøret, som blei utløyst av at regjeringstroppar ville ta frå nasjonalgarden kanonane deira.

Kommunen blei styrt av eit råd av folkevalde, vald 26. mars med allmenn røysterett for menn. Da liknande opprør blei slått ned i andre byar, blei Paris ståande aleine mot Versailles-regimet. Den 2. april starta Versailles krigshandlingar mot Pariskommunen.

I denne situasjonen sette den prøyssiske regjeringssjefen Otto von Bismarck fri store mengder franske soldatar som var tatt som krigsfangar, og overleverte dei til disposisjon for Versailles. Den parisiske nasjonalgarden kjempa modig, men måtte gradvis trekkje seg tilbake da store regulære hærstyrkar trengde inn i byen 21. mai.

Dette var starten på den blodige veka, da tusenvis av parisiske kvinner og menn blei massakrerte. Dei siste kommunardane blei skotne på kyrkjegarden Père Lachaise 28. mai.

Mellom 30 og 40 tusen menneske blei drepne da regjeringshæren inntok Paris. Etterpå blei om lag 10 tusen menneske dømde i rettssaker mot dei som hadde støtta Kommunen, og nesten halvparten av dei blei dømde til straffarbeid i koloniane.

Politisk var Pariskommunen eit samansett fenomen, og på ein gong den siste av dei klassiske franske revolusjonene og den første sosialistiske freistnaden. I det folkevalde rådet sat revolusjonære republikanarar i tradisjonen frå 1793, elitistiske kommunistar med Auguste Blanqui som leiar, og sosialistar som kjende seg knytte til den Første Internasjonalen, men var meir påverka av Pierre Joseph Proudhon enn av Karl Marx.

Trass i dette mangfaldet og dei skarpe ordskifta det førte til, gjennomførte Pariskommunen ei rad radikale reformer i den tida den fekk leve. Dødsstraffa blei avskaffa, og giljotinen offentleg brend. Symbolet for sigrane over andre folk og land under Napoleon den første, Vendômesøyla, blei riven. Den regulære ståande armeen blei vedtatt avskaffa, berre ein demokratisk milits skulle finnast, og vere folkets eige væpna vern. Kyrkje og stat blei åtskilde, og kyrkjene opna for folkemøte. Obligatorisk, gratis og ikkje-forkynnande offentleg folkeskole blei vedtatt innført. Det blei vedtatt forbod mot unødig nattarbeid, for eksempel for bakarar, og tomme produksjonslokale kunne overtakast av samvirkebedrifter.

Trass i at han blei slått ned, blei Pariskommunen ei inspirasjonskjelde for den framveksande sosialistiske arbeidarrørsla internasjonalt. Det var også kommunarden Eugene Pottier som skreiv teksten til songen «Internasjonalen», som sidan blei den mest kjende og bruka sosialistiske songen i heile verda.

Etter at Pariskommunen fall, vart den tredje franske republikken oppretta.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pariskommunen