Park Chung-hee

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Park Chung-hee
Park Chung-hee (cropped).jpg
President i Sør-Korea
Periode1963-1979
PartiDet demokratisk-republikanske parti
Fødd14. november 1917
FødestadGumi
Død26. oktober 1979
DødsstadJongno-gu
MorBaek Nam-ui
FarPark Seong-bin
EktefelleYuk Young-soo, Kim Ho Nam
BarnPark Geun-ryeong, Park Ji-man, Park Geun-hye, Park Jae-ok

Park Chung-hee (14. november 191726. oktober 1979) var president i Sør-Korea frå 1963, då han tok makta i eit militærkupp, til 1979 då han døydde etter eit attentat.

Park Chung-hee

Tilhengarar framhevar at Sør-Korea vart modernisert og opplevde ein svært sterk industriell og økonomisk vekst i perioden hans som gjorde sitt også etter at han vart myrda til at Sør-Korea står fram i dag som ein av verdas største økonomiar, eit land som etter koreakrigen i 1950-1953 var eit av verdas fattigaste. Gruppa av motstandarar er og veldig stor, ein av dei som kjempa mot det dei kalla eit brutalt diktatur var Kim Yong-sam, Kim Dae-jung som seinare sjølv vart president. Denne gruppa klagar over dårlege menneskerettar, eit brutalt ikkje-demokratisk styre og at han tente den japanske hæren under andre verdskrigen. Motstandarar av styret hans risikerte å verta fengsla, torturert og/eller drepne.

Dottera hans, Park Geun-hye vart president i Sør-Korea i februar 2013.