Park Geun-hye

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Park Geun-hye, 2. mai 2011.

Park Geun-hye (fødd 2. februar 1952) var den ellevte presidenten i Sør-Korea frå 2013 fram til ho vart avsatt i 2017. Geun-hye var den fyrste kvinnelege presidenten i landet. Ho er dotter av den sørkoreanske politikaren Park Chung-hee, og vart vald til president 25. februar 2013. Ho representerer partiet Saenuri - «Ny verd».

Park Geun-hye har studert ingeniørvitskap ved Sogang-universitetet i Seoul. I 1998 vart ho fyrste gongen sett inn som representant i nasjonalforsamlinga i Sør-Korea. Ho ynskte å stilla som presidentkandidat i 2007, men partiet ho representerte, valde å bruka Lee Myung-bak i staden. Sakene ho prioriterer som president er sosial velferd, auka økonomisk demokrati og nasjonal forsoning.

Konfliktfylt presidentskap[endre | endre wikiteksten]

Kort etter at Park Geun-hye vart vald til president, bad ho Kim Jong-un, presidenten i Nord-Korea om å ikkje bruka atomvåpen. Dette vart sagt på ein minnedag for at eit sørkoreansk marineskip vart senka, truleg av ein nordkoreansk ubåt. Nord-Korea har seinare brukt hard retorikk mot Park Geun-hye, kalla henne svikefull og falsk og kritisert kjolane ho går i. Kort tid før ho vart president, gjennomførte Nord-Korea ei atomprøvesprenging, og har nyleg truga med å gå til åtak på USA. [1]

Park Geun-hye er ugift og lever åleine. Foreldra hennar vart begge drepne på 1970-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Fotnotar[endre | endre wikiteksten]