Parkar og grøntområde i London

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kart over Green Park og St. James's Park i London frå 1833.

Parkar og grøntområde i London omfattar åtte kongelege parkar og fleire private felleshagar sentralt i byen, mange ulike typar parkområde drivne av dei ulike bydelane i London og i nokre høve av City of London Corporation eller den landsomfattande organisasjonen National Trust.

Parkane og grøntområda utgjer 38,4 % av byarealet. Dette gjer London til den tredje «grønaste» storbyen i verda, etter Singapore og Sydney.[1]

Kongelege parkar[endre | endre wikiteksten]

Hyde Park måla av Camille Pissarro i 1890.

Dei kongelege parkane i London var opphavleg jaktområde som tilhøyrde krona. Med auka utbygging av London blei nokre av desse parkane tekne vare på og opna for allmugen som offentlege grøntområde. Parkane dekkjer til saman 1976 hektar.[2] Dei blir drivne av Royal Parks Agency og patruljerte av Royal Parks Constabulary.

Dei åtte kongelege parkane i sentrale London er:

Private felleshagar[endre | endre wikiteksten]

Frå felleshagen Gordon Square.

På mange opne plassar omkransa av hus finst private felleshagar kalla garden squares. Desse blei laga for folk busette i husa like ved, men nokre av dei er no opne for allmugen. Nokre av desse er Russell Square i Bloomsbury, Lincoln's Inn Fields i Holborn og Soho Square i Soho. I Kensington og Chelsea finst over hundre garden squares som berre er opne for lokale.

Bydelsdrivne parkar[endre | endre wikiteksten]

Dammen i Victoria Park som tidlegare blei brukt for bading.

Fleire parkar blei laga i byen frå midten av 1800-talet til andre verdskrigen. Desse blir drivne av dei ulike bydelane.

Andre område[endre | endre wikiteksten]

Dam på Hampstead Heath nær Parliament Hill.

Andre større grøntområde i londonbydelane er mellom anna

Desse områda stammar frå den tidlegare lansbygda som er blitt verna frå den omsluttande byen, og har gjerne ein uformell eller halvnaturleg karakter. Vidare finst ein del større gravplassområde som har ein parkliknande natur, til dømes Highgate Cemetery der mellom anna Karl Marx og Michael Faraday er gravlagde. Det finst også ein del spesielle hagar og parkar som Royal Botanic Gardens i Kew og den kongelege hagen ved Hampton Court Palace. Alle bydelande i Ytre London inneheld delar av det verna «grøne beltet» rundt byen.[15]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Green Spaces: The Benefits for London» (PDF). BOP Consulting, juli 2013.
  2. Hansard. Written answers for 7 Feb 2002. Accessed on 17 July 2009.
  3. «Tower Hamlets Council > Leisure and culture > Parks and open spaces > Parks > Victoria Park > Visitor information». web page. Tower Hamlets Council. Henta 29 January 2013. 
  4. «Wandsworth Battersea Park». web page. Wandsworth Council. 2013. Henta 29 January 2013. 
  5. David Bentley (12 February 2010). «City of London Hampstead Heath». City of London. Henta 13 March 2010. 
  6. «London's heaths and commons». visitlondon.com. Henta 13 March 2010. 
  7. «Wimbledon & Putney Commons facts and figures». 2007. Henta 13 March 2010. 
  8. «Epping Forest You & Your Dog» (PDF). brichure. City of London. Henta 13. mars 2010. 
  9. «Parks & Gardens UK, Trent Park, Enfield, England». web page. Parks & Gardens Data Services Ltd. 15 August 2009. Henta 13. mars 2010. 
  10. «Essex/Greater London Site Name: Hainault Forest» (PDF). Natural England. Henta 13 March 2010. 
  11. «Mitcham Common». Mitcham Common Conservators. Henta 13 March 2010. 
  12. «South Norwood Country Park - Children's Play Area Design and Access Statement» (PDF). Croydon Council. 27 February 2008. Henta 13 March 2010. 
  13. «LTGDC launches vision for London Riverside». Invest Britain UK regional development and inward investment. 19 April 2008. Henta 13 March 2010. 
  14. «Forestry Commission News Release No. 1656, 1.6 MILLION MORE TREES PROMISED FOR THE EAST OF LONDON». Forestry Commission. 28 October 1998. Henta 13 March 2010. 
  15. Greater London Authority - London's strategic open space network

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]