Parkteatret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°55′24.704″N 10°45′29.988″E

Parkteatret

Parkteatret, Olaf Ryes plass 11, Grünerløkka i Oslo, vart etablert i 1907 under namnet Kristiania Bryggeri Grünerløkkens Kinematograf. Kinematograflokala vart teikna av arkitekt Frithjof Aslesen i tilknyting til en leiegard frå 1872.

I 1913 skifta etablissementet namn til Grünerløkkens Verdenstheater. Ei større ombygging vart gjennomført i 1918-22. Då fekk fasaden ny utforming, og kinoen fekk namnet Parkteatret. Den nye fasaden vart utforma i nyklassisistisk stil av arkitekten Erik Glosimodt.

I 1932 utførte målaren Paul Ansteinsson ei kunstnerisk utsmykking parallelt med vølingar ved arkitekt Jens Dunker. Enno ei vøling vart gjennomført i 1950-åra, medan det vart sett opp lysreklame på 1960-talet.

Parkteatret kino heldt det gåande som kommunal kino frå 1926, før verksemda vart avvikla i 1991. Frå 1992 til 2001 var staden scene for Nordic Black Theatre. I 2002 overtok Parkteatret Scene leiekontrakten. Initiativtakarar var Geir Johnson, direktør for ULTIMA Oslo Contemporary Music Festival, og Pål Steigan. Parkteatret Scene er eigd av Grünerløkka kulturhus AS, som òg driv Parkteatret Bar. Selskapet har sytt for ei omfattande vøling og rehabilitering av den gamle kinoen. Foajeen og salen vart restaurert og ombygd under leiing av arkitekt Henrik E. Nielsen.

Parkteatret er tildelt kvalitetsmerket Olavsrosa av stiftelsen Norsk Kulturarv.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]