Det engelske parlamentet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Parlamentet i England)
Parlamentet samla føre kongen, manuskript frå kring 1300.

Det engelske parlamentet var den lovgjevande forsamlinga i England frå mellomalderen og fram til skipinga av Kongeriket Storbritannia i 1707. Etter unionsdanninga vart det innlema i Det britiske parlamentet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Under normannarane[endre | endre wikiteksten]

Etter den normanniske erobringa i 1066 innførte Vilhelm Erobraren ei rådsforsamling som bestod av vasallar og presteskap som han mottok råd frå før han fekk vedteke nye lovar. Dette må sjåast på bakgrunn av at i eit føydalt system av den typen som vart innført i England etter den normanniske invasjonen, er det umogleg å oppretthalde lovane til riket utan støtte frå adelen og presteskapet.

Adelen hadde økonomisk og militær makt gjennom å vere dei som var i kontroll over landområda som utgjorde lena deira, og gjennom at dei mottok løn frå undervassallar som mottok mindre len frå dei igjen, og betalte i form av å stille med riddarar til militære avdelingar når dei vart befalt. Kyrkja hadde sitt eige system av religiøse domstolar, i tillegg til at han òg var ein dei største jordeigarane i landet. Kyrkja var òg berar av den viktigaste ideologiske makta i samfunnet, og hadde makt til å lyse ein konge som krenkte autoriteten til kyrkja i bann.

For å søkja råd og støytte frå adelen og det øvste presteskapet i tilhøve til viktige avgjersler, samankalla kongane i England etter 1066 såkalla storråd (Great Councils). Eit typisk storråd bestod av erkebiskopar, biskopar, abbedar, baronar og jarlar, berebjelkane i føydalsystemet.

Magna Carta[endre | endre wikiteksten]

Dersom dette systemet for å søkje råd og oppnå semje ikkje fungerte, kunne det blitt umogleg for statsstyret å fungere effektivt. Dette vart tydeleggjort då kong Johan, som var konge frå 1199 til 1216, møtte så sterk motstand frå dei leiande adelsmennene på grunn av den vilkårlege maktbruka si og dei stadige skatteaukane sine, at dei gjorde opprør og tvinga kongen til å underskrive Magna Carta Libertatum - det store fridomsbrevet. Dette dokumentet slo fast at kongen ikkje hadde høve til å innføre eller samle inn nye skattar, utan samtykke frå det kongelege rådet, og knesette prinsippet om at ingen adelsmenn kunne straffast utan å vere dømd i ein rett av likemennene sine.

Gradvis utvikla storråda seg til det som vart heitande parlamentet. Sjølve omgrepet opptrer første gongen i offisielle dokument frå 1230-talet, og er henta frå dei latinske og franske orda for diskusjon og tale.

Frå opprør til borgarkrig[endre | endre wikiteksten]

I 1265 gjorde Simon de Montfort, 6. jarl av Leicester, opprør mot kong Henrik III, og arrangerte det første allmenne parlamentsvalet utan løyve frå kongen. Frå 1295 vart ordninga med det engelske parlamentet gjort offisiell og permanent.

Under kong Edward II, som regjerte frå 1307 til 1327, vart parlamentet delt inn i to kammer som etter kvart fekk namna Overhuset og Underhuset. Ingen lov kunne vedtakast og ingen skatt bli innført utan godkjenning frå begge kammera i tillegg til kongen.

I Overhuset sat dei som òg tidlegare var representert i storrådet, det vil seie jarlar og baronar, biskopar og abbedar. Underhuset bestod frå då av valde representantar for grevskap og byar. Røysteretten ved val til Underhuset var lik i heile landet på landsbygda (i grevskapa), og omfatta alle som åtte jord med ei årleg leige på 40 shilling. I byane (boroughs) varierte røysteretten mellom ulike delar av landet, men var gjennomgåande berre for dei velståande borgarane. Heller ikkje Underhuset var dermed i utgangspunktet noko demokratisk forsamling, men representerte først og fremst riddarar og andre godseigarar, på engelsk kalla The Gentry.

Kong Karl I kom i konflikt med parlamentet, og denne konflikten utvikla seg til den engelske borgarkrigen. Karl vart avretta i 1649, og i republikken til Oliver Cromwell kalla Det engelske samveldet vart Overhuset avskaffa, medan Underhuset i realiteten vart kontrollert av Cromwell. Etter Cromwell døydde i 1660 vart både kongedømet og Overhuset gjeninnført.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Det engelske parlamentet