Parmigianino

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Parmigianino

Statsborgarskap Italia
Fødd 11. januar 1503
Parma
Død

24. august 1540 (37 år)
Casalmaggiore

Yrke kunstmålar, grafikar, raderer, teiknar, grafikar, bygningstegner
Sjanger historiemåleri, portrett
Parmigianino på Commons

Girolamo Francesco Maria Mazzola, betre kjend som Parmigianino (11. januar 150324. august 1540) var ein italiensk, manieristisk målar og gravør, med tilnamn etter fødestaden Parma.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Mazzola vart fødd i Parma, der faren var handverkar. Då guten var to år gammal, døydde far hans og han voks deretter opp hos ein onkel. Onkelen fremja talentet hans og let han verte undervist i humanistiske fag og i naturvitskap og musikk.

Madonnaen med den lange halsen, 1534-40

Frå kring 1521/22 deltok Parmigianinio i utsmykkinga av San Giovanni-kyrkja i heimbyen. Seinare fekk han i oppdrag å måle delar av katedralen i Parma. Sommaren 1524 reiste Parmigianino til Roma. Han tok med seg sitt Sjølvportrett i konveks spegel, eit bilete som vekte åtgaum ved hoffet. Pave Klemens VII gav han i oppdrag å dekorere «der Sala dei Pontefici».

Under plyndringa av Roma i 1527 reiste Parmigianino frå byen. Dei neste åra budde han for det meste i Bologna. Desse åra var han svært produktiv og fekk mange slags oppdrag. Etter heimkomsten til Parma i 1530-31, stod Parmigianino for utsmykkinga av apsis og tønnekvelven på den nybygde kyrkja 'Santa Maria della Steccata'. Ved den tid vart han omtala som «Dominus», eit teikn på at han hadde stige høgare opp i det sosiale hierarkiet. Dei mange private oppdraga var medverkande til at han ikkje avslutta utsmykkinga av Steccata-kyrkja før enn i desember 1539.

Parmigianino studerte under Correggio, men mottok seinare impulsar av Rafael og andre av meistrane under høgrenessansen. Til liks med andre manieristar merkar måleria hand seg ut med dei langstrakte figurane og den praktfulle, men kalde fargeskalaen. Måleriet Madonnaen med den lange halsen med ein abnorm anatomi, var eit privatoppdrag han fekk på 1530-talet tid. Parmigianino laga også mange andaktsbilete. I Italia vert han også rekna som ein pioner i raderingskunsten.

Han døydde brått i Casalmaggiore i Lombardia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Parmigianino