Parno Graszt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Parno Graszt (2014)

Parno Graszt er ei gruppe sigøynarmusikarar frå landsbyen Paszab i Ungarn. Gruppa vart fyrst forma i 1987, men kom ikkje ut med noko album før i 2002. Namnet "Parno Graszt" tyder "kvit hest" på romanés, der fargen kvit symboliserer reinleik, og hesten er eit symbol for fridom.

Debutalbumet Hit the piano nådde sjuande plass på World Music Chart Europe i Oktober 2002[1], som fyrste ungarske artist på denne lista nokosinne. Ungarsk TV og BBC produserte ein dokumentar om Parno Graszt i 2004[2]. Deira andre album, Járom az utam kom ut i 2004, og bandet vart av det sveitsiske musikkmagasinet Vibrations plassert på lista over dei ti beste artistane i 2005[3]. Plata Ez a világ nekem való kom ut til tjueårsjubileet i 2007, og gruppa fekk med seg den verdskjende cimbalom-meisteren Kalman Balogh på innspelinga av denne.


Gruppemedlemmer[endre | endre wikiteksten]

  • József Oláh (vokal, gitar, tambura)
  • Géza Balogh (vokal, gitar, dans)
  • Viktor Oláh (vokal, gitar, dans)
  • Sándor Horváth (vokal, skeier, dans)
  • János Jakocska (vokal, gitar)
  • Mária Váradi (vokal, dans)
  • Mária Balogh (vokal, dans)
  • Krisztián Oláh (trekkspel)
  • János Oláh (kontrabass)
  • István Németh (stemmebass, mjølkespann)

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Rávágok a zongorára (2002) (Hit the Piano)
  • Járom az utam (2004) (...In My World)
  • Ez a világ nekem való (2007) (This World Is Made for Me)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Parno Graszt
  2. Parno Graszt:Ünnepek és Hétköznapok
  3. Parno Graszt, arkivert frå originalen 21. juli 2011, henta 13. juli 2010 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]