Klauvdyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Partåa hovdyr)
Hopp til navigering Hopp til søk
Klauvdyr
Mulhjorten er eit klauvdyr i Amerika
Mulhjorten er eit klauvdyr i Amerika
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Underklasse: Theria
Infraklasse: Placentale pattedyr Placentalia
Overorden: Laurasiatheria
Orden: Klauvdyr Artiodactyla
Owen, 1848

Klauvdyr eller partåa hovdyr (Artiodactyla) er store, planteetande pattedyr med eit partal tær dei går på, vanlegvis to. Hovene på desse tærne vert kalla klauvar. Til denne gruppa høyrer rundt 220 artar, mellom anna kveg, svin, hjortedyr og kameldyr. Fleire av dei viktigaste husdyra våre er klauvdyr.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Som andre hovdyr går klauvdyra på tærne; skilnaden er at der dei upartåa hovdyra har èi tå på kvar fot, har klauvdyra to. Desse kjem frå den tredje og den fjerde tåa til den felles forfaren deira, som mest sannsynleg levde tidleg i Eocentida.

Reint morfologisk kan me dela klauvdyra i to grupper. Underordenen Suina består av svin og flodhest og har framleis fire tær i behald. Desse er altetarar med enkel mage, annleis tannsett og kortare bein enn dei andre to underordenane. Underordenane Ruminanta og Tylopoda har lengre bein og meir kompliserte fordøyingsssystem (m.a. tyggjer dei drøv), berre to tær og kraftige tyggetenner. Dette kjem av at dei utvikla seg for å eta gras, som nettopp dukka opp i Eocentida.

Nyare molekylærbiologisk forsking har synt at òg kvalane høyrer heime mellom klauvdyra for at gruppa skal kunne reknast som monofyletisk. Sjølv om det ikkje går an å sjå nokon todeling i ekstremitetane til kvalen, har desse dyra yngre felles stamfedrar med flodhesten enn det flodhesten har med til dømes hjortedyra.

Systematikk[endre | endre wikiteksten]

Me kan dela klauvdyra i tre underordenar: Ruminantia, som omfattar m.a. kveg, hjortedyr, sauar, geiter, antiloper, moskusfe og sjiraffar, Suina, som omfattar svin, navlesvin og flodhestar, og Tylopoda som omfattar kameldyra.

ARTIODACTYLA

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Klauvdyr