Partiet Dei Kristne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«Dei Kristne» omdirigerer hit. For folk som vedkjenner seg kristendommen, sjå kristne.
Partiet Dei Kristne
Partiet Dei Kristne.svg
IdeologiKristenkonservatisme
Oppretta2011
PartileiarErik Selle
UngdomsorganisasjonDei Kristnes Ungdom
Nettstaddekristne.no

Partiet Dei Kristne er eit norsk politisk parti som vart stifta i 2011 på Bømlo i Hordaland. Fram til 2015 heitte det Dei Kristne.

Ved stortingsvalet i 2017 stilte partiet liste i alle fylka og fekk omkring 8700 røyster (0,3 prosent). Ved stortingsvalet i 2013 røysta omkring 17 700 veljarar på partiet (0,6 prosent). Størst var oppslutnaden i Vest-Agder (2,0 prosent). Ved kommunestyrevalet i 2015 stilte partiet liste i 70 kommunar.

Partileiar frå 2013 er Erik Selle. Partiet fekk i 2015 eigen ungdomsorganisasjon, Dei Kristnes Ungdom. Leiaren er Olympia Ahenkorah frå Oslo.

Politisk plattform[endre | endre wikiteksten]

Partiet Dei Kristne byggjer på eit kristenkonservativt verdigrunnlag. Partiet vart stifta som ein reaksjon på at Kristeleg Folkeparti, ifølgje initiativtakarane, gradvis hadde fjerna seg frå tradisjonelle kristne verdiar. Den utløysande faktoren var at sentrale krefter i KrF ønskte å fjerne «bekjennelsesparagrafen» for tillitsvalte.

Ifølgje programmet til Partiet Dei Kristnes vil det «løfte fram det livslange, monogame ekteskapet mellom mann og kvinne som norm og ideal». Partiet Dei Kristne gir heilhjarta støtte til staten Israel. Retten til liv frå fræving til naturleg død er også ein av hjartesakene til partiet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]