Partiet Fornuft

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fornuft
Forkorting: F
Partiet Fornuft}}}
Grunnleggjande
Oppretta 2012
Ideologi Fornuft
Partileiar Hans Edvard Sunde
Statistikk
Tilknytingar
Nettstad: www.fornuft.no

Fornuft er eit norsk politisk parti som vart skipa 26. august 2012. Partiet ble registrert i Einigsregisteret i Brønnøysund 31. oktober 2012 og lansert for pressa samme dag. Partiet freistar å samle dei naudsynte 5.000 underskriftane innan 2013 og har ambisjon om å stille liste i alle 19 fylke ved stortingsvalet i september 2013.

Partiet vil ikkje kallast borgarleg eller sosialistisk, men meiner det som er fornuft i kvar sak skal styre og ikkje ein høgre-venstre-ideologi.

Fornuft vil "omstille Noreg til ein økonomi utan olje." Partiet vil nytte store summar oljeformue til investering i infrastruktur, til dømes Stad-tunnel, firefeltsveg langs heile kysten frå Halden til Steinkjer og bygging av mellom anna Gimsøy lufthamn i Lofoten. Likevel meiner partiet at bruk av oljepengar til vanleg drift i statsbudsjettet, som no, er feil. Partiet er ikkje profilert som eit miljøparti, men vil likevel elektrifisere bilparken og skipsflåten frå 2015. Partiet vil og redusere offentleg byråkrati og elektronifisere all regnskapsførsel og rapprteringsplikt for næringsdrivande, også frå 2015.

Leiinga[endre | endre wikiteksten]

Den øvste leiinga i partiet mellom landsmøta, er sentralstyret. Sentralstyret er sett saman av 8 representantar. Hans Edvard Sunde er partileiar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]