Partille

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 57°44′00″N 12°06′00″E

Partille herrgård
Torget i Partille, Kyrktorget, fotografert i 2006.

Partille er ein svensk tettstad og centralort i Partille kommun i Västra Götalands län i landskapet Västergötland. I 2005 hadde tettstaden 28 648 innbyggjarar. Partille er ein del av tettstaden Göteborg. Gjennom Partille går motorvegen Europaveg 20 på strekninga mellom Gøteborg og Stockholm, og dessutan den sterkt trafikkerte hovudjarnbanelina mellom Gøteborg og Stockholm, Västra stambanan, der stasjonsbygningen på Partille stasjon danna modell for fleire andre svenske stasjonsbygningar i si tid.

Partille har vakse fram kring Partille kyrkje, ei steinkyrkje frå 1200-talet, og Partille herregard, som ligg i nærleiken av kyrkja og er kjend allereie i kjelder frå mellomalderen. I det området av Partille som vert kalla Paradiset, tidlegare Partille villastad, ligg det einebustader i nasjonalromantisk stil. Elles er tettstaden dominert av eit stort kjøpesenter, Allum.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]