Party av Iggy Pop

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Party
Studioalbum av Iggy Pop
Utgjeve Juni 1981
Innspelt 1981
Studio Record Plant Studios i New York City i USA
Sjanger
Lengd 35:23
Selskap Arista
Produsent
Iggy Pop-kronologi
Soldier
(1980)
Party Zombie Birdhouse
(1982)
Singlar frå Party
  1. «Bang Bang»
    Utgjeve: June 1981
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
Robert ChristgauC+[2]

Party er det sjette studioalbum til Iggy Pop, gjeve ut i juni 1981. For dette albumet samarbeidde Iggy med Ivan Kral, som er mest kjend som gitarist og bassist for Patti Smith i 1970-åra. Albumet nådde 166. plass på albumlista i USA.

Då Arista høyrte albumet henta dei inn tidlegare Monkee-produsent Tommy Boyce for å mikse «Bang Bang» på ny. Songen vart gjeven ut som singel og nådde 35. plass på klubb-lista til Billboard og vart seinare spelt inn av David Bowie. I følgje sjølvbiografien til Iggy Pop, I Need More, skreiv han «Bang Bang» fordi Arista Records ønskte ein singel og han lovde dei eit kommersielt album. Han ønskte seg opphavleg Phil Spector eller Mike Chapman til å produsere songen. Iggy hevda han fekk ideen til songen frå å lese All the Right Stuff på ein lokal bokhandel.

Party er det siste av tre Pop-album for Arista Records, etter New Values og Soldier. Party-turneen vart dokumentert på DVDen Live in San Francisco. Buddha Records gav i 2000 ut albumet på ny med to bonusspor.

Songen «Pumpin' for Jill» vart nytta i fjernsynsshowet Chuck i episoden «Chuck Versus the Ex».

Alle songar er skrivne av Iggy Pop og Ivan Král, utanom der andre er nemnde.

Side 1
Nr.TittelLengd
1.«Pleasure»3:10
2.«Rock and Roll Party»4:11
3.«Eggs on Plate»3:41
4.«Sincerity»2:38
5.«Houston Is Hot Tonight»3:30
Side 2
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Pumpin' for Jill» 4:30
2.«Happy Man» 2:19
3.«Bang Bang» 4:08
4.«Sea of Love»George Khoury, Phil Phillips3:49
5.«Time Won't Let Me»Tom King, Chet Kelly3:22
Bonusspor på CD-utgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
11.«Speak to Me» 2:39
12.«One for My Baby (and One More for the Road)»Harold Arlen, Johnny Mercer4:05

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Deming, Mark. «Party – Iggy Pop | Songs, Reviews, Credits, Awards | AllMusic». AllMusic. Henta 7. mai 2018. 
  2. Christgau, Robert. «Robert Christgau: CG: Iggy Pop». robertchristgau.com. Henta 7. mai 2018.