Parykk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Typiske, overdådige 1600-talparykkar.

Parykk er ein laus frisyre av hår som er laga for å kunna berast på hovudet til eit menneske. Ekte parykkar er laga av menneskehår. Dei kan òg lagast av geite- og hestehår, ull, fjører eller kunstmateriale. I nokre land er parykkar del av ein embetsdrakt, til dømes på dommar og juristar. Skodespelar og operasongar kan bruka parykkar for å ha ei viss rolle.

Antikken[endre | endre wikiteksten]

I det gamle Egypt bar både menn og kvinner innan aristokratiet parykkar som vern mot solen eller som teikn på status. Det same gjaldt fleire andre folkeslag i antikken, som: assyrarar, fønikarar, sumararr, grekarar og romarar. Innan gresk teater brukte ein parykkar i ulike fargar for å karakterisera særskilde roller. I Romarriket kunne både menn og kvinner bera parykk. Visse urfolk har i nytta parykk til å skremma i krigstid.[1]

Vestleg kultur[endre | endre wikiteksten]

Marie Antoinette med rokokkoparykk i ein opphøga, innvikla frisyre, dekorert med perler, kunstige blomar og strutsfjører.

I vesten blei parykkar på 1600-, 1700- og til ein viss grad òg 1800-talet stor mote. I England brukte Elisabeth I (1533–1603) sin kjende, karakteristiske raude parykk, og ved det franske hoffet blei moten diktert av Ludvig XIII (1601–1643), som introduserte parykkar i heremoten, og i enno høgare grad av solkongen Ludvig XIV (1638–1715).

Barokken[endre | endre wikiteksten]

Ludvig XIV bygde opp Versailles og flytta hofflivet dit. Han levde i luksus og overflod, og la an tonen for den samtidige herremoten med dei overdådige parykkane sine og den dramatiske og ekstravagante smaken sin for klede. Parykkane til mennene blei gjort lengre, meir lokkete og meir innvikla. Hattane, som var vanskelege å setja fast på parykken, blei mindre i stilen og blei mest borne i handa eller under armen.

Med tida spreidde moten seg gjennom Europa, og det blei nesten obligatorisk for ein motemedviten, velkledd person å bera parykk. På eit einaste år, 1655, gav Ludvig XIV løyve for 48 nye parykkmakarar til å starta verksemd i Paris. Fattigfolk selde håret sitt, som blei materiale til parykkar for såvel sivile som militære. Dei fleste føretrekte å barbera av seg det vanlege håret sitt, og la dette tilverkast til ein parykk. Når parykken blei teken av om kvelden blei ein, i det minste for ei tid, av med lus og lopper. Om vinteren kunne ein setja parykken ut i kulda, som tok livet av ukruttet. Mellom 1670 og 1700 bar nesten alle menn av høgare stand parykk, og parykkmakar var eit prestisjefullt yrke. Ei tid prøvde parykkmakarar i London å få krona til å lovfesta parykktvang for vaksne menn.

Rokokkomote[endre | endre wikiteksten]

På 1710-1720-talet gav dei mørke og raudfarga parykkane frå 1600-tal seg for den kvite varianten.

Kring 1710–1720-talet gjekk dei mørke og raudfarga parykkane frå 1600-talet for den kvitfarga varianten. Opplysingstida sin nye, ledigare klesmote blei føld av at mannsparykken blei mindre. Han blei òg del av kineserimoten, og blei ustyrt med hårpisk. Kvinneparykkane auka derimot i omfang. Ved hoffet i Versailles blei dei gjort om til veldige kunstverk. Under rokokkoen (1730–1790) blei parykkane til kvinnene bygt opp til høgem innvikla frisyrar som kunne vera pynta med perler, kunstige blomar og frukter, kniplingar, smykke, hårband og fjører. Parykkane blei no pudra kvite ved hjelp av parfymert stive eller kveitemjøl. Sløsinga med kveitemjøl førte til bekymmringar — den store massen av befolkninga levde i særs knappe tilhøve. Potetmjøl blei ei redning. Parykkoppsatsane kunne ha ulike tema, som hage, båt eller hus, og blei døypte av skaparane sine med fantasifulle namn.

Parykken forsvinn[endre | endre wikiteksten]

Heile aktiviteten – parykken stod for fleste som eit symbol for sløseriet til overklassa – fekk ein dødsdom med den franske revolusjonen. Storbritannia heldt lengst på moten, men militæret la tidleg ned forbod mot pudra parykkar og nytta i staden ein lettare parykk med hårpisk som gav meir rørslefridom. I 1795 innførte den britiske staten skatt på parykkar og parykkpudder som førte til at moten døydde ut – men var først heilt ute kring 1805. I Sverige slutta Gustav IV Adolf med parykk i 1805.

Moderne parykkar[endre | endre wikiteksten]

På 1900-talet vende parykkar tilbake med nye formål. På 1950-talet byrja det bli vanleg med tupé for menn, og på 1960-talet byrja ei motebølgje for kvinneparykkar. Parykkhandelen har auka til ein verdsomfattande industri med både handlaga og maskintilverka parykkar, der ein kan bruka såvel kunsthår som naturhår.[1]

Produksjon av parykkar[endre | endre wikiteksten]

Ved produksjon av handlaga parykkar blir det spent eit rammeverk av tynt nett (tyll, gass) på ein parykkstokk. Parykkmakaren festar så med ei fin nål med mothake, eit eller nokre få hårstrå om gongen i nettet først i nakken og så vidare opp og framover. Ein annan metode går ut på å setja saman fleire hår som blir sydd på sjølve nettet i horisontale rekkjer. Parykkar laga med få eller enkle hårstrå gjev som regel eit meir naturleg inntrykk; såkalla medisinske parykkar og dei fleste teaterparykkar blir laga etter denne metoden. Den andre metoden blir ofte nytta til å laga moteparukkar. Det går med mellom 50 000 og 200 000 hårstrå til å laga ein parykk.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Bra Böckers lexikon, 1978.
  • Das grosse Bilderlexikon der Mode
  • Artia Verlag, Praha, 1966