Pasadena

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rådhuset i Pasadena
Pasadena si plassering i Los Angeles County

Pasadena er ein by i Los Angeles County i delstaten California i USA. Byen, som har 137 000 ibuarar (2010), ligg 263 meter over havet og ved foten av fjellkjeda San Gabriel Mountains.

Pasadena vart grunnlagd i 1873 og innlemma i delstaten California i 1886. Verksemder som forskingsinstituttet California Institute of Technology (Caltech) og romfartsverksemda Jet Propulsion Laboratory held til i Pasadena.

Finalane i VM i fotball 1994 og VM i fotball 1999, den siste for kvinner, vart begge spelt på Rose Bowl i Pasadena.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]