Pasient- og brukarombod

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Pasient- og brukarombod er ei statleg ordning i Noreg som er lovfesta i Pasientrettigheitslova kapittel 8, og skal ta vare på pasientane og brukarane sine behov, interesser og rettstryggleik. Det finst ombod i kvart fylke. Ombodet sitt arbeidsområde er offentlege spesialisthelsetenester og kommunale helse- og sosialtenester (unntatt økonomisk sosialhjelp).

Pasient- og brukarombodet er ein rådgjevande instans for pasientar og pårørande. I 2010 hadde omboda nesten 15 000 førespurnader på landsbasis[1]. Omboda er sjølvstendige og uavhengige, men har ikkje formell makt. Omboda har teieplikt og ordninga er gratis. Dei som vender seg til ombodet kan krevje å vere anonyme. Både pasientar, pårørande og helsepersonell kan ta kontakt.

Pasient- og brukarombodet kan gje informasjon om kva rettar ein har som pasient og/eller brukar i den offentlege helsetenesta. Omboda kan gje råd og rettleiing og hjelpe med å formulere og vidareformidle spørsmål og/eller klager. Omboda kan også bidra som konfliktløysar og hjelpe til i dialog med helsepersonell/sjukehus, sjukeheimar, allmennlegeteneste og andre som gjev helsehjelp og sosiale tenester.

Pasient- og brukarombodet er til for å støtte pasientar og pårørande når dei treng råd, rettleiing og informasjon om pasientrettar. Det skal vere enkelt å kontakte omboda. Ombodet meiner det er avgjerande at pasientar er informert om sin helsetilstand og om planlagt behandling. Pasientane må få tilbod om kopi av tilvisingar, epikrise og journal. Dette gir pasienten reell medverknad og bidreg til at pasienten sjølv kan ivareta sine interesser på ein betre måte.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]